Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Start i Start 4H

Start i Start 4H

Elinor Bolme Måndag 9. januar 2012

Onsdag kveld er det oppstart på det nye 4H-året melder leiaren i Start 4H, Marte Talgø. Difor oppfordrar ho alle nye og gamle medlemmar til å møte opp på Skulstuå (gammelskulen) onsdag kveld for valg og planlegging av kommande års prosjekt. Ellers blir det og oppstart med fritidsklubben etter kvart.

Les heile saka

Utvidar staben

Utvidar staben

Elinor Bolme Sundag 8. januar 2012

Kårvatn Fjellutstyr AS melder til todalen.no om utvidelse i arbeidsstokken. Dei har no frå 1. januar tilsett Håkon Vego busatt i Molde, og dette gjer at dei per i dag blir 4 tilsette i bedrifta. Han vil ha kontoradresse i Molde, men er tilsett først og fremst som salgskontakt ut mot eksisterande forhandlarar.

Les heile saka

Høg partyfaktor

Høg partyfaktor

Elinor Bolme Laurdag 7. januar 2012

I går kveld var det blinkande lys og dunkande rytmar som prega Todalen Skule. Her hadde 5., 6., og 7. klasse invitert dei same trinna ved Stangvik Skule til eit heidundrande nyttårsparty. Elevane sto sjølv for planlegging, gjennomføring og opprydding, med pittelitt hjelp frå foreldra. Lydanlegg var lånt frå Surnadal kulturhus og pizza vart levert på døra av mødre og fedre rundt om i bygda.

Les heile saka

Årets første blogger

Årets første blogger

Elinor Bolme Tysdag 3. januar 2012

Vi starter allerede på 1. nyttårsdag med en blogger som har tilhold på Nordstrand i Oslo med sin familie. Opprinnelig oppvokse på Høgtun med systra Sissel Ingjerd. Velbekomme!

Les heile saka

Planlegg dagen og året

Planlegg dagen og året

Elinor Bolme Måndag 2. januar 2012

Surnadal kommune har også i år i sammarbeid med Svorka og Hamos sendt ut ein aktivitetsplanleggar for 2012. Dette er ein årskalender med mykje nyttig informasjon å finne for å komme seg igjennon det nye året med. Både søknadsfristar til barnehage og vidaregåande skule ligg inne, når målaravlesinga til Svorka skal innsendast, dekkskiftefristar og dei offisielle flaggdagane for å nemne noko. Attast i kalenderen ligg det med svarslippar til stømavlesinga for dei som brukar å sende inn dette pr post.

Les heile saka

Rakettbilder – oppdatert

Rakettbilder – oppdatert

Elinor Bolme Sundag 1. januar 2012

Frå May Elisabeth og Tor Holten har vi fått tilsendt nokre fine rakettbilder. Desse er tekne under oppskytinga på Kvendsetgarden ved midnatt. Det var mange flotte rakettar å sjå i år også, og nokon la kanskje merke til oppskytinga rundt 00.15 frå Bordholmen. Der var det handelsmann Terje Nordvik som smellte i gang L. Hals […]

Les heile saka

Årets siste gudstjeneste i 2011

Årets siste gudstjeneste i 2011

Elinor Bolme Laurdag 31. desember 2011

Da er vi ved vegs ende av 2011, og i ettermiddag vart årets aller siste gudstjeneste held i Todalen Kyrkje. Dagens prest var Vidar Rygh, nytilsatt i Ranes og Øye sokn, og han fekk med det det ærefulle oppdraget i å døypa tvillingane Lisa og Jakop Ranes.

Les heile saka

Romjulsmarsj på glattå

Romjulsmarsj på glattå

Elinor Bolme Torsdag 29. desember 2011

I dag vart den utsette romjulsmarsjen arrangert, og ein god del deltok på rundturen rundt bygda. Leiar i trimgruppa, Jostein Bruset kunne fortelje om 105 utdelte medaljar, noko han var godt nøgd med etter ei litt turbulent start på jula. Trimgruppa hadde også i år stasjon både i Sandstad- og Brusetkrysset, med servering av gløgg og kakao. Attåt var det høve til å ta lodd til inntekt for trimgruppa og idrettslaget.

Les heile saka

2 jerv felt på Kårvatn

2 jerv felt på Kårvatn

Elinor Bolme Onsdag 21. desember 2011

I løpet av dei siste dagane har det vore felt 2 jerv på Kårvatn. Den første, som vart felt laurdag var ein hann på mellom 2-4 år. Den andre vart felt i dag, og om den har det ikkje komme inn noko dokumentert informasjon på enda på Direktoratet for Naturforvaltning si nettside. Men kjelder todalen.no har snakka med i kveld melder om at det er to ulike jegarar.

Les heile saka

Dyktig gjeng!

Dyktig gjeng!

Elinor Bolme Tysdag 20. desember 2011

I går kveld var foreldre og besteforeldre benka i gymsalen på Todalen oppvekstsenter for å oververa årets juleavslutning. Her hadde både skuleelevar og barnehageungar øva inn både sketsjar, songar og høgtlesing. Og som vanleg var det fornøyeleg å vere publikumar. Særleg dei yngste imponerte stort med sine framføringar av mange innøvde julesongar. Innsatsen var det ingen ting å seie på.

Les heile saka

Juleavslutning på skulen

Juleavslutning på skulen

Elinor Bolme Torsdag 15. desember 2011

Todalen oppvekstsenter melder om at den årlege juleavslutninga på skule er lagt til førstkommande måndag klokka 18. Her vil det bli underhaldning både av barnehageungane og ungane i løpet av kvelden. I tradisjon tur blir det også gong rundt juletreet. Ellers er det kanskje rå å få sjå nissen, om han får fart på sleden på bera?

Les heile saka

Juløltesting

Juløltesting

Elinor Bolme Sundag 11. desember 2011

Andre laurdagen i desember har frå 2006 vore oppteken for seks todalsgutar i forbindelse med deira årlege seanse med å teste årets juleølsortar. Også i år held dei sin årlege tradisjon og samlast til årsmøte med festmiddag i Todalen Juløltestarlag, med påfølgjande testing av årets julølsortar. I år heile 30 i talet, 21 av dei på glasflasker, medan 9 representerer boksutvalget. Tidlegare år har dei kun hatt øl frå vanlege butikkutsalg og Vinmonopolet, men i år testar dei og ein sort frå det lokale bryggeriet «Todalsbrygg».

Les heile saka