Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Juløltesting

Juløltesting

Elinor Bolme Sundag 11. desember 2011

Andre laurdagen i desember har frå 2006 vore oppteken for seks todalsgutar i forbindelse med deira årlege seanse med å teste årets juleølsortar. Også i år held dei sin årlege tradisjon og samlast til årsmøte med festmiddag  i Todalen Juløltestarlag, med påfølgjande testing av årets julølsortar. I år heile 29 i talet, 20 av dei på glasflasker, medan 9 representerer boksutvalget. Tidlegare år har dei kun hatt øl frå vanlege butikkutsalg og Vinmonopolet, men i år testar dei og ein sort frå det lokale bryggeriet «Todalsbrygg».

Alle dei 29 sortane bedømmast etter same kriterier; farge, sødme, fylde, bitterheit og ettersmak i ein skala frå 1 til 6, der 6 er beste rangering. Og her spelar reint todalsvatn og den nitriste kapteinskjeksa ein viktig rolle, då det er av stor betydning å nøytralisere smakssansane mellom kvar enkelt julølsort. Alt går høgtidleg for seg; med stortrøye og slips, og kun dei seks i panelet tilstades undervegs.

Vinnaren av årets test vart Mack 6,5%.  

Ønsker du å sjå den komplette liste går du til Test – rangeringsskjema 2011

Her er forøvrig testomtalen frå 2009.

Under er nokre bilder frå testen. Alle foto ElinorB

Publisert: 11. desember 2011, 23:11