Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Høg partyfaktor

Høg partyfaktor

Elinor Bolme Laurdag 7. januar 2012

I går kveld var det blinkande lys og dunkande rytmar som prega Todalen Skule. Her hadde 5., 6., og 7. klasse invitert dei same trinna ved Stangvik Skule til eit heidundrande nyttårsparty. Elevane sto sjølv for planlegging, gjennomføring og opprydding, med pittelitt hjelp frå foreldra. Lydanlegg var lånt frå Surnadal kulturhus og pizza vart levert på døra av mødre og fedre rundt om i bygda.

Kvelden var lagt opp med musikk og dansing, og naturlegvis kåring av ballets konge og dronning. Tellekomiteen kunne der fortvila konstatere stemmejuks, men med litt vaksne innspel så vart det rett til slutt.

Under er ein del bilder frå ein triveleg festaften. Alle foto ElinorB

Publisert: 7. januar 2012, 09:03