Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Planlegg dagen og året

Planlegg dagen og året

Elinor Bolme Måndag 2. januar 2012

Surnadal kommune har også i år i sammarbeid med Svorka og Hamos sendt ut ein aktivitetsplanleggar for 2012. Dette er ein årskalender med  mykje nyttig informasjon å finne for å komme seg igjennon det nye året med. Både søknadsfristar til barnehage og vidaregåande skule ligg inne, når målaravlesinga til Svorka skal innsendast, dekkskiftefristar og dei offisielle flaggdagane for å nemne noko. Attast i kalenderen ligg det  med svarslippar til stømavlesinga for dei som brukar å sende inn dette pr post.

Ellers er det oppført mange nyttige telefonnummer til dei ulike kommunale kontor og -tenester, og naturelgvis dei ulike nødnummra.

Tømmekalenderen for Hamos ligg òg ved her, og her er det no vorte ei forandring i tømmingane; plasten blir no henta saman med papiravfallet. Om vi klarar å få Surnadal kommune som medlem her på todalen.no, vil vi naturleg vis legge inn dei ulike hentedagane i vår eigen aktivitetskalender.

Først publisert: 2. januar 2012, 07:00 - Sist oppdatert: 1. januar 2012, 14:22