Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Nye medlemmer kjem til

Elinor Bolme Tysdag 25. februar 2014

RBL- Rindal Bil- og landbrukssenter kom i går med som nytt medlem her på todalen.no. Grim Røen, tilsett som ny dagleg leiar sidan 1. januar vurderte nettstaden som eit godt alternativ for synleggjering av bedrifta. RBL driv butikk på Sunna i Rindal med verksted for landbruksmaskiner. I tillegg utfører dei mjølketransport i Rindal, Surnadal, Orkdal og Agdenes på oppdrag fra TINE. Ellers så har dei og ein utkjøringsbil med åpen platt og kran, slik at dei kan ta på seg dei fleste oppdrag innan utkjøring av byggevarer og gjødsel.


Reisebrev frå Kilimanjaro

Elinor Bolme Måndag 24. februar 2014

Siste veka i januar var Dag Sverre og Brit Grønmyr på stortur til Tanzania med Kilimanjaro som det store målet i det fjerne. Todalen.no er så heldig å ha fått eit fyldigt reisebrev frå turen, og oppfordrar i same slengen andre reisande til å gjera det same.


Årsmøte i Stangvik Historielag

Elinor Bolme Sundag 23. februar 2014

Stangvik Historielag arrangerer onsdag 26. februar kl 19 sitt årsmøte på Stangvik Skule. Her er det vanlege årsmøtesaker, enkel servering og til slutt vil det bli underhaldning og filmframvisning av Eistein Bæverfjord.  


Ligg ikkje på latsida

Elinor Bolme Fredag 21. februar 2014

Kvar torsdag møtes eit knippe spreke damer til trim i gymsalen på Todalen Skule. Dette tilbudet har eksistert i alle dei år, faktisk bortimot ein mannsalder fann nokre av dei frammøtte ut i går. I tidlege tider, før dagens gymsal vart påbygd var instruktøren Jean Kvendset, før Ann Kristin Nerland Bruset tok over.


Forlet Rauma, til fordel for Noregs minste nasjonalpark

Elinor Bolme Fredag 21. februar 2014

Brit Grønmyr, oppvakse i Steinarstua er kjent for dei fleste av oss som ei naturglad og turorientert dame. For fire dagar sidan sa ho opp jobben sin som mjløvernleiar i Rauma kommune til fordel for ei nyoppretta stilling som nasjonalparkforvaltar i Møysalen Nasjonalpark i Nordland. Her vil ho blandt anna vera sekretær for nasjonalparkstyret som vart oppretta av miljøverdepartementet våren 2013 med ordførarane i kommunane Hadsel, Lødingen, Sortland og Vågan saman med ein representant frå Nordland fylkeskommune og ein frå Sametinget.


Lover opp i mot 60 års levetid, nå også med miljødeklarasjon

Elinor Bolme Torsdag 20. februar 2014

Talgø melder idag på sine nettsider at MøreRoyal® no har fått utarbeida miljødeklarasjonen EPD. Dette er eit resultat av Talgø sitt fokus på miljø og dokumentasjon, og er eit viktig redskap opp i mot deira kunder. Hensikta med deklarasjonen er at kunden skal kunne sammenligne miljøprofil og foreta ei vurdering og eit valg basert på miljødeklarasjonen.


Kvar bur du?

Elinor Bolme Onsdag 19. februar 2014

I dag har mange bebuarar på strekninga Haugen-Bruset fått orientering frå Surnadal kommune angåande vegnamnet på fylkesveg 671 i brevs form. Etter lang tids arbeid, byrjar no vegnamnbrikkane å falle på plass fortel Sølvi Irene Fuglås, tekninsk konsulent ved Surnadal kommune. Kartverket har tidlegare vedteke at det skal tildelast offisielle vegadresser i heile landet, slik at adressa skal hjelpe besøkande, redningstenester og andre å finne fram.


Endelig, eit nytt blogginnlegg

Elinor Bolme Torsdag 13. februar 2014

Det gjekk nærast i stå, men med litt drahjelp frå Mari Redalen er vi på nett med blogginnlegga frå utflytta todalingar igjen. Med Mari som god støttespelar reknar vi med at spalta blir av det regelmessige slaget. Årets første kandidat er Merete Hysby.


Gjensidige gir igjen

Elinor Bolme Onsdag 12. februar 2014

Gjensidige Surnadal har atter ein gong bidrege til tryggleik i nærmiljøet vårt. Siste givargleda deira er ein splitter ny hjertestartar til Surnadal trening- og velværesenter. Det har i den seinare tid vore fleire hendingar som ein har kunne lese om der liv har gått tapt i forbindelse med trening. Både av unge, eldre og ikkje minst godt trena personar. Fleire og fleire lag, organisasjonar og bedrifter rundt om har gått til anskaffelse av livreddande hjertestartar.


Dagens formann har lang fartstid

Elinor Bolme Onsdag 12. februar 2014

Ragnar Halle har for ei lita stund sidan sendt oss eit blide får 1956, teke på trappa på hovedhuset på Kårvatn. Bildet viser 16 medlemmer i Todalen sanitetsforening og fire ungar som også fekk være med på fotoseansen. Ragnar er ein av dei og står ytst til venstre, i lag med Dordi Jorunn Halle, Maren […]


Årsmøtetid

Elinor Bolme Tysdag 11. februar 2014

Vi er no inne i ei tid for gjennomføring av årsmøter i dei ulike lag og organisasjoner. Todalen.no er intet unntak, og vår årsmøtedato er sett til onsdag 5. mars kl 20 i Todalen Ungdomshus. Her er det ordinære årsmøtesaker og eit lite tilbakeblikk på nyheitsåret 2013 som står på plana etter at årsmøtet er gjennomført.


Todalsøra i gamle dagar

Elinor Bolme Måndag 10. februar 2014

Todalen.no er så heldig å få lov til å få dele bilder frå Todalen historielag sitt rikhaldige bildearkiv. Erfaringsmessig veit vi at gamle bilder fenger, derfor set vi stor pris på at historielaget vil stå som bidragsytar med jamne mellomrom framover.