Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsøra i gamle dagar

Elinor Bolme Måndag 10. februar 2014

Todalen.no er så heldig å få lov til å få dele bilder frå Todalen historielag sitt rikhaldige bildearkiv. Erfaringsmessig veit vi at gamle bilder fenger, derfor set vi stor pris på at historielaget vil stå som bidragsytar med jamne mellomrom framover.

Både redaksjonen og Todalen historielag oppfordrar lesarane til å kome med eventuelle opplysningar om bilda slik som for eksempel årstal, namn på folk, hendingar og stader.

Det første bildet ut er eit postkort frå Todalsøra og Halsetgardane, mest truleg teke på høgda ved vegen ned til Hegerneset.

1

 

Fotograf er W.Smith Pettersen frå Vik i Sogn og Fjordane. Han er det ikkje så mykju info å finne på, men ser etter eit par søk på internett at fleire av hans postkort ligg inne på Fylkesarkivets sine nettsider. Klikk på bildet for å få det enda større.

Skulle nokon ha informasjon om feks årstal og andre hendingar knytte til bildet er det berre å sende oss ein mail på red@todalen.no så skal vi oppdatere etterkvart.

Lars Redalen har sett på dagens kort og kan berette at bildet er tatt i perioden 1925-1930 – altså for 80-90 år sia. Lars har ei stor samling postkort, og har fleire som er tatt i Todalen på samme tid og sannsynlig vis på samme runden.

Ingri Bruset har studert bildet, og ho skriv i en e-post: «Har studert litt på bilete frå Todalsøra. Det ser ut som det er byggeaktivitet på Naustvollen. I bygdeboka står det at det vart bygd nye hus på Naustvollen i 1931. Så dette tyder på at biletet kan tidfestast nokså nøyaktig.»

Først publisert: 10. februar 2014, 19:37 - Sist oppdatert: 19. februar 2014, 12:23