Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvar bur du?

Elinor Bolme Onsdag 19. februar 2014

I dag har mange bebuarar på strekninga Haugen-Bruset fått orientering frå Surnadal kommune angåande vegnamnet på fylkesveg 671 i brevs form. Etter lang tids arbeid, byrjar  no vegnamnbrikkane å falle på plass fortel Sølvi Irene Fuglås, tekninsk konsulent ved Surnadal kommune. Kartverket har tidlegare vedteke at det skal tildelast offisielle vegadresser i heile landet, slik at adressa skal hjelpe besøkande, redningstenester og andre å finne fram.

Så langt er berre to vegar i kommunen heilt ferdig namnsett, det er Todalsvegen og Leirbruvegen. Leirbruvegen er vegen opp til høgre etter Bondehuset i Stangvika og har 15 berørte partar, 5 på fastbuande adresser. Todalsvegen derimot har 96 berørte partar frå Haugen til og med Bruset. Her er det kun den einlengte fylkesvegen 671 som er klar så langt, og berører berre dei som har DIREKTE avkjørsel frå denne. Dei øvrige «avstikkarane»  kjem snart etter, i runde to. Men vi fekk i møte med Sølvi Irene Fuglås og Ingar Fugelsøy på kommunen i dag ei foreløpig liste over korleis dei andre vegnana i Todalen vi bli namnsett, men med forbehald om at det kunne bli endringar ved siste instans hos språkrådet i Trondheim.

  • Ansneset -Hegerneset : Ansnesvegen
  • Hegerneset- Halset bru : Todalsøra
  • Halset Bru- Øya : ikkje avklart
  • Øya- Bruset : Melavegen
  • Øya – Pilskaret : Pilskarvegen
  • Bruset- Gammelfabrikken : Markavegen
  • Trudvangkrysset- Kårvatn : Dalavegen (Her må Dalavegen i Modalane få nytt navn før dette eventuelt kan tre i kraft)
  • Ned mot småbåthamna: Sissigrenda

Alle kommunale byggefelt opprettheld sine navn, som til dømes Holbrekkå, Myrjarvegen og Sollivegen på Nordvik.

Skulle ein mot formodning ikkje vera enig i kommunens vegnamnvalg, må klagen inn til Namnekomiteen ved Surnadal kommune innan 3 veker etter mottatt brev. Namneendringane trer i kraft 1. april -14, og kommunen varslar  Svorka AS, Posten, Folkeregisteret og Skatt Midt Norge om endringane. Andre instansar lyt kvar enkelt varsle om. Sølvi Fuglås oppfordrar til å ta i bruk den nye adressa så snart som råd.

bilde 1

 

Anders Todalshaug hadde teke turen rimeleg fort inn til Ingar Fugelsøy for ei forklaring på dagens post. Ingar hadde forklart korleis tankegangen var, og Anders verka rimeleg fornøgd då vi trefte han. For det måtte ei lita forklaring til for å skjønne tankegangen bak vegnummra. Nummereringa startar ved Haugenkrysset, og er rekna i antall meter frå dette vidare innover. Fellesfjøset på Haugen ligg 410 meter frå krysset, og har fått nr 41. Talgø Møbelfabrikk ligg 13570 meter frå krysset, og fekk vegnummer 1357. Endestasjon Bruset ligg 16350 meter frå krysset og får da nr 1635. Partal på venstre side av vegen, oddetal på høgre.

Surnadal kommune står som ansvarlege for tilvisningsskilta, medan huseigarane er ansvarlege for nummerskiltet, som må vere godt synleg frå vegen.

Les om heile prossessen fram til nye vegnavn her på Surnadal kommune si heimeside

 

Publisert: 19. februar 2014, 19:49