Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Norskkurs på kveldstid

Elinor Bolme Onsdag 12. mars 2014

Kvar mondag og onsdag er det arrangert norskkurs ved Todalen Skule. Dette etter initiativ frå Folkeakademiet i Surnadal, da det har vore stor etterspørsel blandt ganske mange framandspråklege innbyggjarar i Todalen. Olaug Roaldset er undervisningsansvarleg og tilsett som lærar av Folkeakademiet. Ho er for tida busett i Trondheim og pendlar til Todalen for å undervise tre timar to kveldar i veka.


Stangvikfestivalen 2014 i rute

Elinor Bolme Måndag 10. mars 2014

Fra arrangørene av Stangvikfestivalen meldes det at årets festival er godt i rute. Fisken er fiska, filetert og tilberedt til dei beste fiskeburgarar ein kan tenkje seg. Stangvikfestivalen er ein klassisk kammermusikkfestival, der stikkorda  er kvalitet, intimitet og stor spennvidde, som inneheld alt frå klassisk moderne musikk til fotballturnering. Dugndasgjenegen var første helga i mars […]


Det vårast i Arboretet

Elinor Bolme Onsdag 5. mars 2014

Avdelingsleiar Maja Frønes ved Surnadal Museum melder om vårfornemmelsar i Svinvik Arboret. Allereie tidleg i februar såg dei antydningar til blomstring både på rododendron og tysbast, noko som er svært tidleg, skriv ho i ein epost til redaksjonen.


Norges Cup i Randonne avlyst

Elinor Bolme Onsdag 5. mars 2014

Det planlagte Norges Cup rennet i randonne som skulle arrangerast på Kårvatn laurdag 15. mars, er no bekrefta avlyst grunna snømangel i følge rennleiar Nils Ove Bruset. Rennet blir i staden muleg arrangert 22. mars på Oppdal. Todalen Idrettslag må derfor gi frå seg Norges Cup rennet til Oppdal Idrettslag.


Sakliste til todalen.no sitt årsmøte klar

Elinor Bolme Onsdag 5. mars 2014

Todalen.no minner om sitt årsmøte onsdag 5. mars i Todalen Ungdomshus kl 20.00. Etter at fristen for innkomne saker no er utgått, legg vi ut saklista her: sakliste årsmøte 05.03.14


Vinterdag, tross vårstemning

Elinor Bolme Måndag 3. mars 2014

Rindal bil- og landbrukssenter arrangerer onsdag Vinterdager ved butikken på Sunna i Rindal. A-K maskiner fra Fannrem kommer også for å vise frem sine vinternyheter. I tillegg blir det ei stor utstilling av Case og New Holland traktorer. Med andre ord en fagdag for de fleste med behov for nytt utsyr, eller bare har lyst på litt kaffe og faglig påfyll.


Søstrene Ansnes, dei eldre

Elinor Bolme Måndag 3. mars 2014

Denne gongen har historielaget funne fram eit gammelt bilde med tre av søstrene Ansnes frå Øya. Bildet er mest sansynleg teke etter at eldstemann Gudmund døyde i 1919, og før yngstebror Gunnar kom til verda i 1921.


MøreRoyal® i «Tid for hjem» på TV2 – oppdatert

Elinor Bolme Sundag 2. mars 2014

Tirsdag kveld ligger det an til spenning i Talgøkonsernet. Da innehar nemlig MøreRoyal® som produseres ved Møretre en av hovedrollene i det populære TV2-programmet «Tid for hjem», med programleder Kjersti Bergersen og hennes team. TV2 har så langt ikke lagt ut noen teaser for programmet på sin nettside, så her må vi fint vente til tirsdag kl 20 for å få se det som beskrives som en riktig så lekker hage i Bergenstraktene.


FORBUD MOT BRUK AV ÅPEN ILD/BÅLBRENNING OPPRETTHOLDES

Elinor Bolme Fredag 28. februar 2014

Brannsjefane i Aura, Smøla, Halsa, Surnadal, Sunndal, Tingvoll, Averøy, Gjemnes og Kristiansund har på nytt vurdert det midlertidige totalforbudet mot bruk av åpen ild/bålbrenning.


Vel gjennomført storøvelse

Elinor Bolme Torsdag 27. februar 2014

Klokka 10 i dag gjekk alarmen om at det hadde vore eksplosjon ved Surnadal vidaregåande skule. Mange skadde var eit faktum, og alle nødetatar i kommunen vart alarmert. Det var heldigvis berre ein øvelse. Den store øvelsen som hadde vore planlagt i over to månader, fekk oppunder 1000 mennesker i sving. Her vart alt tilgjengeleg mannskap frå Surnadal Brann- og redningsvesen (inkludert avdeling Todalen og Kvanne), politiet (inkludert 112-sentralen), kriseteam, helsetjenesten i kommunen, St. Olavs hospital, AMK tjenesten, ambulansetjenesten Helse midt, Surnadal Røde Kors og Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening utkalla til ein så realistisk øvelse som muleg.


POMPdeLUX i Todalen laurdag

Elinor Bolme Torsdag 27. februar 2014

Torill Gjeldnes arrangerer laurdag 1. mars klesparty med merket POMPdeLUX. Isabell Fureli kjem og viser fram den nyaste vår/sommar kolleksjonen med barneklær, for gutar og jenter i str 86-152. Det skjer i Gammelskulen mellom klokka 12 og 14.
Torill lovar nykoka kaffe og litt kaffemat, og poengterer at det er ingen kjøpetvang (berre ete og skravletvang!)


Nok ein pris til Talgø

Elinor Bolme Onsdag 26. februar 2014

Av Miljømerket Svanen vart Talgø kåra til ”Svanemerkets beste merkebruker” i fjerde kvartal 2013 sammen med IKT-aktøren Brother. Talgø fekk hedersbetegnelsen på bakgrunn av den jobben dei har gjort for å markedsføre Svanemerket på kolleksjonen av MDF-veggplatene sine. ECO Veggplatene fra Talgø fekk heile kolleksjonen godkjent som Svanemerka i juni 2013.