Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vel gjennomført storøvelse

Elinor Bolme Torsdag 27. februar 2014

Klokka 10 i dag  gjekk alarmen om at det hadde vore eksplosjon ved Surnadal vidaregåande skule. Mange skadde var eit faktum, og alle nødetatar i kommunen vart alarmert. Det var heldigvis berre ein øvelse. Den store øvelsen som hadde vore planlagt i over to månader, fekk oppunder 1000 mennesker i sving. Her vart alt tilgjengeleg mannskap frå Surnadal Brann- og redningsvesen (inkludert avdeling Todalen og Kvanne), politiet (inkludert 112-sentralen), kriseteam, helsetjenesten i kommunen, St. Olavs hospital,  AMK tjenesten, ambulansetjenesten Helse midt, Surnadal Røde Kors og Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening utkalla til ein så realistisk øvelse som muleg.

24 elevar frå ein av klassane på 1. året på skulen var sette ut som markørar. Dei var sminka etter alle kunstens reglar og hadde kvar sin anviste plass med «oppskrift» på oppførsel.

48 minutt etter at rektor Anders Talgø meldte frå om ulykka hadde siste skadde vorte henta ut av røykdukkarar. Dei vart etterkvart som dei kom ut teke hand om av helsepersonell frå store deler av Helse Midt. Dei hardast skadde vart sendt vidare med Sea-King helikopteret som kom frå Ørlandet.

På kommunehuset organiserte varaordfører Lilly Gunn Nyheim sin kriseteam etter at alarmen gjekk og fekk løpande orienteringar frå ulykkesstaden.  Ut i frå innkommne opplysningar fekk dei igjen sendt ut pressemeldingar til (nesten) alle mediekanalane i Surnadal og Rindal. I sjølve kommunestyresalen var Legesenteret flytta, og dei lettast skadde pasientane vart sendt dit til sjekk og behandling

Rett etter øvelsen vart det evaluering for dei involverte nød- og redningsetatane i kantina på Surnadal Videregående skule for avdekke eventuelle feil eller manglar undervegs. Åge Henriksen, operatør ved 110 sentralen i Ålesund  var tilstades som observatør. Han gav skryt for planlegging og gjennomføring av øvelsen, og tykte det var bra at Surnadal kommune har avtale med 110 sentralen, slik at dei får direkte informasjon undervegs i hendelsesforløpet. Han oppfordra kommunen spesiellt til å aktivt bruke Røde Kors enda meir i liknande situasjonar.

Eirik Hauknes frå NRK var naturlegvis til stades og filma. Sjå filmen frå ulykkesøvelsen her!

Under er eit bildegalleri frå dagen. Alle fot ElinorB

Publisert: 27. februar 2014, 19:56