Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det vårast i Arboretet

Elinor Bolme Onsdag 5. mars 2014

Avdelingsleiar Maja Frønes ved Surnadal Museum melder om vårfornemmelsar i Svinvik Arboret. Allereie tidleg i februar såg dei antydningar til blomstring både på rododendron og tysbast, noko som er svært tidleg, skriv ho i ein epost til redaksjonen.

Dei førebur no den komande sesongen som startar den 10.mai, og er naturleg vis veldig spente på korleis denne underlege vinteren vil slå ut.

Svinvik Aboret har som så mange andre eiga facebookside, der ein kan sjå fleire bilder, og halde seg oppdatert på kva som skjer i arboretet: www.facebook.com/svinviksarboret

Publisert: 5. mars 2014, 21:00