Ny familiedag laurdag
Laurdag 3.mai blir det igjen arrangert familiedag i Skulstuå, med ope hus frå kl 12.00 til 15.00. Alle er velkomne til ein triveleg prat er over ein kopp kaffe og gode kaker.
Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.
Laurdag 3.mai blir det igjen arrangert familiedag i Skulstuå, med ope hus frå kl 12.00 til 15.00. Alle er velkomne til ein triveleg prat er over ein kopp kaffe og gode kaker.
Nordvik Grendalag er klar for vår, og trør førstkommande søndag i gang med sin populære sykkeltrim. Dei har ei vellykka ordning med servering av saft, kaffe og bakels annakvar gong. Ellers har dei også litt vedlikehald på uteområdet ved grendahuset og finpuss til sommars på leikeplasen i Sollia.
RBL har hendene fulle med våren litt i tidligste laget, i følge daglig leder Grim Røen og Trollheimsporten. Dei har fortsatt snøskutrar til ein rimeleg penge, men no er også plenklipparane fått god plass inne i butikklokala på Sunna.
Svorka Aksess er nå på utkikk etter en person som kan tiltre i som medhjelper til sin utførende graveentreprenør. Gravesesongen er i gang og Svorka skal om kort tid starte fiberutbygging i Todalen. De har derfor behov for snarlig hjelp. Det ønskes en arbeidsvillig ungdom som er “vant til å ta i et tak”.
Seriestarten er også godt i gang i de yngre årsklasser. G12 Søya/Todalen hadde i gårkveld sin seriestart mot eitt av dei tre Surnadalslaga dei har havna i serie med. Det vart ein spennende kamp, både for spelarar og tilskuarar.
Søya/Todalen leda 4-2 til pause, men etter ei iherdig opphenting av Surnadal i 2. omgång vart stillinga 6-6 etter nokre nervepirrande sluttminutt, der Søya/Todalen til slutt fekk inn det siste målet.
Surnadal Arbeiderparti inviterer til 1. mai arrangement ved Surnadal kulturhus 1. mai. Årets hovedtalar er AUF-leiar Eskild Pedersen, med påfølgjande apell av Ida Andrine Heggset. Mons Otnes leier det heile.
StikkUt! er Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal i samarbeid med fleire kommunar i fylket si satsing for å få fleire folk ut på tur. Dei ulike kommunane har valgt ulike turmål med variert vanskelighetsgrad. Turne skal være fra de lette (grønn løype) der alle kan ferdas trygt og det kreves ingen spesielle ferdigheter, til krevande turer (rød løype) for erfarne turgåere med god utholdenhet.
Etter at brannmannskapet i Todalen tidlegare i vinter var på todagers kurs og fekk med seg heim ein splitter ny hjartestartar frå Norsk Luftambulanse, vart det plutseleg to hjartestartarar i bygda. Todalen Sanitetsforening starta derfor jobben med å omplassere den som brannmannskapet fram til mars hadde hatt forvaltningsansvaret for.
Tidligere har det vært tradisjon ar syforeningen «Nystart» har holdt basar siste tirsdagen før påske. Imidlertid kom de med tilbud om at Nordvik Grendalag kunne overta denne kvelden hvis de ønsket dette. For grendalaget var dette et generøst tilbud siden det som oftest var mye påskegjester som kom på denne basaren, og inntektene pleide og være deretter.
Konsert kan vera kulturell påskeniste, seier organist Bernt G. Bøe og soknerådsleiar i Todalen, Ildri Øyen. Nordmøringar har eit fint tilbod skjærtorsdag og langfredag. Festivalkvartetten (Alex Robson og Åshildf Nyhus, fiolin, Anders Rensvik, bratsj og Joakim Munkner, cello) og solist Sigrid Vetleseter Bøe framfører klassisk og nyare musikk for song og strykarar.
Byggenæringa i kommunen har for tida godt med oppdrag. Byggefirma Olav Haugen som har tilhald på Kvanne har den seinare tid utvida bedrifta, no også med kompetanse innan måling og flislegging. Den siste ansatte er Johannes Fjellås som har lang farstid innan begge nemnte fagområder. Tilsettinga gjer dermed at firmaet som er ein del av Norgeshuskjeda no kan levere bortimot full pakke til sine kunder, med alt fra skisser og prosjktering til ferdigstilling av hus.
Ordførar Mons Otnes har på vegne av opprørte todalingar i dag forsøkt å få klarskap i manglande telefonforbindelse i bygda. Han har fått oppgjeve at det er brot nok ein gong i sendaren ved Ørsalen. I følge Telenor er dette no ei høgt prioritert sak og dei jobbar for fullt med feilretting, men dei kan ikkje på føremiddagen i dag fastsetje rettetida. Ordføraren håper at han får telefon før kl 16 i dag, om at alt er tilbake til normalt igjen.