Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rettetid: Ukjent!

Elinor Bolme Tysdag 15. april 2014

Ordførar Mons Otnes har på vegne av opprørte todalingar i dag forsøkt å få klarskap i manglande telefonforbindelse i bygda. Han har fått oppgjeve at det er brot nok ein gong i sendaren ved Ørsalen. I følge Telenor er dette no ei høgt prioritert sak og dei jobbar for fullt med feilretting, men dei kan ikkje på føremiddagen i dag fastsetje rettetida. Ordføraren håper at han får telefon før kl 16 i dag, om at alt er tilbake til normalt igjen.

Han har gjeve klart uttrykt at dette må prioriterast av Telenor med tanke på både Surnadal kommune sine tryggheitssalarmar, og ikkje minst innbygjarane sine generelle tryggheitsbehov. Vakthavande i Surnadal og leiinga i Heimesjukepleien er ekstra på vakt i denne samanhengen til feilen er retta fortel han.

Utrykningsleiar Ivar Bolme i  det lokale brannvesenet har direkte kontakt med vakthavande i kommunen via radio om noko skulle oppstå. Fasttelefonen skal vistnok fungere som normalt.

Vi oppdaterer i løpet av ettermiddagen.

Publisert: 15. april 2014, 10:14