Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Førsteklassingane i Todalen fekk besøk av Trollheimsporten

Elinor Bolme Tysdag 2. september 2014

Trollheimsporten er no på runde for å ta ein prat med alle nye førsteklassingar i Surnadal kommune, og første skule ut i serien er Todalen Skule. Her har Maria, Tor Asbjørn og Hallvard stolt vist fram både skulen og arbeidsplassen sin for den nye reporteren i Trollheimsporten, Eva Rønning.


Inspirasjonskveld 9. september

Elinor Bolme Tysdag 2. september 2014

Prosjektleder Anne Polden i Surnadal kommune minner om påmeldingsfristen for å delta på «Påfyllskvelden for ildsjeler» 9. september, som går ut i morgon den 3. Her er det høve for alle som sitt i ulike styrer innan frivillig arbeid til å delta.


Kunstprosjekt i skulegarden

Elinor Bolme Måndag 1. september 2014

Laurdag arrangerte FAU ved Todale oppvekstsenter ein kunstdag på skulen. Her fekk alle elevane samt førskuleungane ved barnehagen anledning til å lage bilde av seg sjølv. Plana var å halde til i sløydsalen i 2. etasje, men sia veret var så utruleg fint, valde vi å ta det ute i skulegarden seier FAU-leiar Line Marie Kvendset.


Vellykket Årnesvandring

Marit Haugen, Stangvik historielag Måndag 1. september 2014

Laurdagen kom med skikkeleg godver – og da klokka nærma seg 11 og start for «vandringa» på Årnes, møtte bortimot 80 stk opp ved Kjergroneset. Her veit ein om busetnad til langt attover på 1700-talet. Svein Aarnes hadde ei kort orientering før vi starta etter «Gammelvegen», opp liene. Dette var samtidig åpning av eit «turnett» på bortimot 3 mil som er rydda og merka i Årnesliene.


Nytt spent konfirmantkull

Elinor Bolme Sundag 31. august 2014

Under dagens gudstjeneste i Todalen Kyrkje vart konfirmantene for våren 2015 presentert. Det var 5 alvorlege og litt spendte ungdommar som steig opp til sokneprest Bernt Venås. Han lova dei ei spanande tid framover med den obligatoriske undervisninga som høyrer denne tida til.


Oppstart med eldremiddagen

Elinor Bolme Sundag 31. august 2014

Eldremiddagen starter opp etter sommerferien onsdag 3. september kl 1300, og arrangørane ønsker både gamle og nye gjester hjertelig velkommen til Sanitetshuset i Todalen. Som vanleg blir det servert god middag med dessert og en kaffekopp med noe godt til tilslutt.  Ring gjerne 91337168 eller 71663598 for påmelding.


Låvecafé på laurdag

Elinor Bolme Torsdag 28. august 2014

Førstkommande laurdag blir det åpen café på Kårvatn Fjellutstyr igjen. Ingvild serverer denne gongen bakels å græt, gulrotkake, kaffe og ingefærte. I tillegg har ho dykka både i Todalen Historielag sitt arkiv og eige skulearkiv og laga til ein historisk natursti frå butikken og opp til Nauståfossen.


Kulturvandring på Årnes

Marit Haugen, Stangvik Historielag Torsdag 28. august 2014

Laurdag den 30. august skal Stangvik Historielag i samarbeid med Årnesgardingane arrangere «kulturvandring» på Årnes, med oppmøte/parkering ved Årnesgardane kl 11.00 (det vil bli anvist plassar for parkering). «Vandringa» startar ved Kjergroneset, ca 1 km vest for gardane. Her er det lite med parkeringsplass, så det vil bli samkjøring utover. Heile turen tek ca 2 timar, men det er muleg å «hopp tå» omtrent halvveges, da kjem ein rett ned til Årnesgardane.


Utpågang med bolyst i fokus

Elinor Bolme Onsdag 27. august 2014

Magasinet Utpågang blir i desse dagar distribuert til samtlege husstandar i dei to kommunane Surnadal og Sunndal. Innleiingssvis denne gongen har ordførar Ståle Refstie og påtroppande ordførar Lilly Gunn Nyheim ordet, der det gode liv er fokuset. Gjennomgangstemaet denne gongen er bolyst, med artiklar som famnar begge dei to kommunane.


Ustabile vassforsyningar ved Bjøråa vassverk

Elinor Bolme Sundag 24. august 2014

Surnadal kommune hadde melom 11 og 14 i dag problemer med drifta ved det kommunale vassverket Bjøråa. Frustrasjonen var stor hos abonnentane, då dei for andre gongen denne veka var vasslaus. Beredskapsvakta på kommunen vart rimeleg kjapt varsla, og vakthavande Gunnar Bøe kan fortelje at vassføringa gjekk som normalt i 14-tida.


Takk for kampen, og cupen!

Elinor Bolme Laurdag 23. august 2014

Rundt 500 unge fotballspillere fordelt på 57 lag og 91 kamper, sol og god organisering med 80-90 frivillige, gjorde at den fjortende Søyacupen i rekken går innunder kategorien særdeles vellykket. Speaker Mangne Hansen holdt til en hver tid 7 dommere oppdatert på spilletid, som gjorde at timeplanen ble fulgt til punkt og prikke gjennom hele dagen.


Full fres på 7 banar

Elinor Bolme Laurdag 23. august 2014

Søyacupen 2014 er nå i gang, og Søyabanen yrer av folk no på formiddagen. Kampar på 7 banar med 59 lag gjer at dette blir ein spennande dag for mange håpefulle spelarar.