Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Ikkje riktig som før i tida…

Elinor Bolme Fredag 26. desember 2014

Tidene forandrar seg, også i Todalen. Frå Todalen Historielag sitt bildearkiv kan vi denne gongen vise eit bilde av Husbygeilen, Skorten og ei raudmåla kyrkje. Legg merke til kornstaurane på ekra til høgre, og han som leier sykkelen forbi.


Ny næringslivsdag i 2015

Elinor Bolme Torsdag 25. desember 2014

Surnadal Sparebank fortsetter med sin populære Næringslivsdag også i 2015. Dato er sett til 15. januar, med påmelding innan 13. januar. Her er som vanleg store namn på blokka med konferansier Ove Snurrås som held i tråane. Dette er den 12 næringslivsdagen i rekken.


Julefreden har senka seg over Todalen

Elinor Bolme Onsdag 24. desember 2014

Tradisjonar følgjer julehøgtida. Og ein av mange av desse ulike tradisjonane er for mange å ovevære julegudstjenesta i Todalen kyrkje på julaften. Tradisjon tru, på 23. året var det sokneprest Bernt Venås som sto for prekena. Og med organist Bernt Idar Bøe som hadde tilbragt rundt 20 av dei siste julekveldane som musikalsk ansvarleg for todalingane, vart det nok ei hyggeleg gudsteneste å sjå tilbake på.


På stumpane laus

Elinor Bolme Tysdag 23. desember 2014

«Dagens bilde»-redaktør Mari melder om dårlege tider i bildearkivet. Ho har no snart bruka opp alle sine reserver for at vi skal få eit nytt «Dagens bilde» kvar dag. De må derfor hjelpe ho og sende inn bidrag framover. Bidrag sendes til red@todalen.no og merk dei gjerne med «Dagens bilde» i emnefeltet.


Med de beste ønsker for jula 2014

Elinor Bolme Tysdag 23. desember 2014

Talgø AS ønsker alle sine bekjentskaper ei riktig god jul, på ein litt annerledes måte i år. Dei har valgt å støtte Leger uten grensers viktige arbeid for de som ikkje har det like godt som storparten av oss.


Frøktele mykkju å gle se te

Elinor Bolme Tysdag 23. desember 2014

Surnadal Kulturhus har allerede store deler av vinterens program utover etterjulsvinteren klart. Og det er ikkje småtterier av allsidighet dei kan by surnadalingar og andre i dalføret tilgang på av kulturelle skattar. Først ut på nyåret er Onsdagstreff med Gunnvald Bøe 7. januar kl 13.30. Han vil snakka om språk og dialekter.


Juleavslutningane er unnagjort

Elinor Bolme Torsdag 18. desember 2014

Både ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter har det dei siste vekene vore intens øving fram mot vekas høgdepunkt, nemleg juleavslutning. Stangvik oppvekstsenter gjorde unna si tirsdag kveld, medan dei i Todalen hadde si markering i går kveld.


Juletid er konserttid

Elinor Bolme Tysdag 16. desember 2014

Denne gongen er det koret VOX som skal ha julekonsert i Stangvik kyrkje kommande fredag 19/12 kl. 19.00. Med seg har dei kjente namn som Hedda Hansen Berg, Sigrid Vetleseter Bøe og deler av Møremusikerne.


I dag: Førjulskaffe

Elinor Bolme Laurdag 13. desember 2014

Førstkommande laurdag inviterer fleire lag og organisasjonar i bygda til triveleg adventskaffe. Fleire har sikker registrert at ein har fått invitasjon i posten sist veke. Her er det 4H, FAU, PT-utvalget, Idrettslaget, Bondelaget og Saniteten som har gått i lag for å arrangere ei triveleg førjulsstund i Todalen Ungdomshus.


Utdeling av høgthengande skimerker

Elinor Bolme Torsdag 11. desember 2014

Ski-og friidrettsgruppa benytter laurdagens førjulskaffe i Todalen Ungdomshus til å dele ut premiar innan skimerketaking for 2014. Åshild Halle som er merkeansvarleg i idrettslaget seier ho ser fram til utdelinga, da dei denne gongen skal få lov til å dele ut fleire gjeve utmerkelsar til aktive skientusiastar i bygda.


Nytt randonné renn for Todalen IL

Elinor Bolme Torsdag 11. desember 2014

Også vinteren 2015 står Todalen IL som arrangør av Norges Cuprenn i randoné. Todalen IL har fått to renn 14. og 15. februar, lagt til Kårvatn. Den 14. er det Randone Individuell, med samme opplegg som tidlegare år, mens det den 15. er det Sprint, som er nytt for arrangørane.


Johan K i sine beste år

Elinor Bolme Onsdag 10. desember 2014

Nok ein gong har vi eit gamalt bilde frå fotoarkivet til Todalen Historielag. Her er det Johan K. Ørsal som deltek ved sau-utstilling på Ålvundeidet i 1957. Vi dreg kjensel på nokre bak utgarden: Randi Ramsøy, Ane Talgø (Valset), Inge Ramsøy, Magne Heggset og Kristen J. Ørsal.