Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Juleavslutningane er unnagjort

Elinor Bolme Torsdag 18. desember 2014

Både ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter har det dei siste vekene vore intens øving fram mot vekas høgdepunkt, nemleg juleavslutning. Stangvik oppvekstsenter gjorde unna si tirsdag kveld, medan dei i Todalen hadde si markering i går kveld.

På begge plassar var det godt oppmøte av både foreldre, søsken og spendte besteforeldre. Det er FAU som står for arrangementa, der dei riggar til servering, medan dei frammøtte stiller med litt mat. Med andre ord bugnande matfat på rekkje og rad.

Sidan vi lagar felles sak på dette er bildetekstane meir utfyllande for det som var vist på scena på begge oppvekstsentra.

 

Under er derfor to galleri, eit frå kvart oppvekstsenter. Stangvik først, Todalen sist. Samtlege foto Elinor Bolme

Først publisert: 18. desember 2014, 06:00 - Sist oppdatert: 17. desember 2014, 23:11