Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Johan K i sine beste år

Elinor Bolme Onsdag 10. desember 2014

Nok ein gong har vi eit gamalt bilde frå fotoarkivet til Todalen Historielag. Her er det Johan K. Ørsal som deltek ved sau-utstilling på Ålvundeidet i 1957. Vi dreg kjensel på nokre bak utgarden: Randi Ramsøy, Ane Talgø (Valset), Inge Ramsøy, Magne Heggset og Kristen J. Ørsal.

Historielaget har eige mannskap som tek seg av innhenting og bevaring av gamle bilder; Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe. Har du derfor noko av gamal årgang som andre kunne ha glede av er det berre å ta kontakt med dei.

Publisert: 10. desember 2014, 08:13