Kløvertur til Svabu
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur 16. november i frå Talgøgarden til Svabu. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Vi fann 1024 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur 16. november i frå Talgøgarden til Svabu. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Dei to første Kløverturane i november har vore lagt til Nordvik; her er det fine turområde og mange vegar og stiar ein kan gå gode turar etter. I tillegg er det solvendt, så haust og vår er det ekstra kjekt å gå tur på Nordvik.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 9. november. Start frå Matkroken/Hals kl. 11:00. Plana er å gå frå Rabbleet og utover til Haltbakkan. Alle er velkomne til å blir med ut på tur!
Laurdag 31. oktober var siste dagen i Stikk UT!-sommarsesongen, da var det registrert 2015 besøk i Svinvikrunden; 770 fleire turar enn i 2019. I rundturen om Tjønnmyrane er det registrert 1013 besøk; nesten 400 fleire besøk enn i fjor. I Møre og Romsdal er det registrert om lag 850 000 trimturar med over 32 000 deltakarar! Det gjer at årets Stikk UT!-sesong går inn i historia som tidenes rekordår!
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 2. november. Start frå Matkroken/Hals kl. 11:00. Samkjøring utover til Nordvik, personar i same «kohort» kan kjøre i lag. Turen startar frå parkeringsplassen i skogsvegen ovanfor Rabbleet. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Kommuneoverlege Bjørn Buan møtte ei lydhør forsamling i Ungdomshuset måndag kveld. Han kunne slå fast at akkurat no er det kontroll på smittesituasjonen i Surnadal, men koronasmitta kjem plutseleg og uventa, og alle smitteutbrot er ulike. Det absolutt viktigaste og tryggaste er å halde god avstand i sosiale situasjonar. Så pass på meteren!
Siste måndagen i oktober vart ein finversdag med sol og god temperatur. Fjella rundt oss er høge, sola er låg og skuggane lange, så ein lyt nyte dei siste soltimane. Dei tretten turgåarane fekk ein god og triveleg runde i Toåa tursti måndag 26. oktober.
Har du betalt medlemskontingenten for 2020?
Todalen historielag fortel at årsskriftet for 2020 for lengst er sendt i trykken, og at det blir bokslepp i Ungdomshuset søndag 15. november. For medlemmer i historielaget er eitt årsskrift inkludert i medlemskapen.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur 26. oktober i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Surnadal kommune melder:
Årets influensavaksinering vil foregå i Surnadal idrettshall 27.- 29. oktober. Vaksineringsdagane er delt inn slik at folk frå ulike grender møter opp på ulike dagar.
Måndag 26. oktober kl. 19.00 arrangerer Todalen sanitetsforening ope møte i Todalen ungdomshus. Temaet for kvelden er «Koronapandemien i Surnadal. Har sanitetskvinnene kort i ermet?», og det er kommuneoverlege Bjørn Buan som er kveldens foredragshaldar.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 19. oktober. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!