Kaffeslabberas i Skulstuå
«Venner av Skulstuå» gjentek suksessen frå februar, og inviterer alle til nytt kaffeslabberas i Skulstuå laurdag 25. mars klokka 12:00 – 15:00.
Vi fann 2472 artiklar i dette arkivet.
«Venner av Skulstuå» gjentek suksessen frå februar, og inviterer alle til nytt kaffeslabberas i Skulstuå laurdag 25. mars klokka 12:00 – 15:00.
Surnadal kulturhus stiller ut eigen kunst fram mot Vårsøghelga. Surnadal kommune har ei ganske stor kunstsamling som er hengt opp i ulike kommunale bygg. Nokre av desse kunstverka har også funne sin heim på kulturhuset. og her har også Surnadal kunstforening og Laget Vårsøg bidrege.
Alexx Alexxander inviterer til ei magisk showoppleving som det smakar «Las Vegas» av. Søndag 26. mars klokka 18:00 kjem nemleg Alexx Alexxander til Surnadal kulturhus med showet sitt.
Onsdag 22. mars klokka 12:00 inviterer seniorfilmklubben til filmen «Picnic med døden» på Surnadal kino. Dei fleste hugsar nok da dei såg «Picnic med døden», frå 1972, for første gong. Da satt sikkert mange av dei som les dette heilt frampå ein lakka trestol i Trudvang. No er sjansen der igjen, men denne gongen på eit noko mjukare sitteunderlag i Surnadal kino.
Ivar Bolme melder om nypreparerte løyper frå Bekkerhagen, ned Toåa tursti til Hallset bru, vidare derifrå til Matkroken Todalen, via Sanitetshuset til Anderstua, ned til turstien og oppatt til Austigarden og Bekkerhagen.
Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 22. mars klokka 16:30. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Da er dei digitale årsmøtedokumenta til Todalen Idrettslag sitt årsmøte klare og kan lesast i PDF-versjon her på Todalen.no. Todalen Idrettslag sitt årsmøte blir gjennomført i Todalen ungdomshus i kveld klokka 19:00.
Måndag 11. september, same dag som det er kommune- og fylkestingsval, er det også val av nytt sokneråd. Det noverande soknerådet er valnemnd, og dei er alt i gang med å finne gode kandidatar til det «nye» soknerådet.
Korleis kan Surnadal kommunenæ kommunisere betre med deg? Det er spørsmålet ei tverrfagleg prosjektgruppe spør om i ei innbyggarundersøking kommunen håper innbyggarane vil vere med å gje dei tilbakemelding på. Alle med folkeregistrert adresse i kommunen skal ha fått ein e-post med oppmoding om å delta i undersøkinga.
Tysdag 14. mars klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra, og altså ikkje «Elg i løypa», slik biletet over viser! Det blir servering av saft etterpå.
Nordmørsmusea søkjer etter medarbeidarar til årets sesong i Svinviks arboret. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytt til kafedrift og publikumsretta arbeid, men andre oppgåver kan også bli lagt til stillingane.
Fredag 17. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga.