Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Soknerådsvalet i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. mars 2023

Måndag 11. september, same dag som det er kommune- og fylkestingsval, er det også val av nytt sokneråd. Det noverande soknerådet er valnemnd, og dei er alt i gang med å finne gode kandidatar til det «nye» soknerådet.

Det sitjande soknerådet består av: Kristian Gjeldnes, Monika Klungervik, John Moe, Frode Grønmyr og Anne Hjørdis Telstad.

Kvifor er soknerådet viktig?

Todalen kyrkja betyr mykje for dei fleste av oss, uansett om ein er ein ivrig kyrkjegjengar eller berre brukar kyrkja ved dei store hendingane i livet. Som medlem i soknerådet kan du ha stor innverknad på dei lokale oppgåvene og utfordringane i kyrkja vår. Det gjeld alt frå å få prioritert pengar til drift og nødvendig vedlikehald til å sikre ei kyrkje som er open og inkluderande. Eit velfungerande og engasjert sokneråd er viktig for å sikre at vi får behalde kyrkja vår også i framtida!

Todalen er eit lite sokn, og det er viktig med eit lokalt sokneråd som kan fremje Todalen si sak i kyrkjelege spørsmål. Ein periode i soknerådet er difor ein innsats, både for kyrkja og for lokalsamfunnet.

Målet er å få eit sokneråd med god fordeling mellom kjønna, alder og interesser. Dei håper dei som får telefon, med spørsmål om å stille til val, seier ja til dette.

Har du lyst til å foreslå deg sjølv eller å foreslå andre, er det berre å ta kontakt nokon i det sitjande soknerådet.

Kva gjer soknerådet?

Todalen sokneråd har tradisjonelt vore eit «praktisk» sokneråd der fokus har vore på å halde kyrkjegarden velstelt og kyrkja i god stand, både inne og ute. Medlemmene i soknerådet deler på å vere kyrkjevertar, når det er gudsteneste i kyrkja. Da står kyrkjevertane ved inngangen og ønskjer vel møtt og kanskje har med ei kaffekanne til kyrkjekaffen. Soknerådet arrangerer utegudstenester, kyrkjegardsdugnadar og deltek i fellesrådet for alle sokneråda i kommunen. Den siste tida har soknerådet arbeidd for å få til ein minnelund ved kyrkja.

Det er også rom for å engasjere seg i mange andre tema, som til dømes miljø og rettferd, gudsteneste, musikk, misjon, barne- og ungdomsarbeid, jus og økonomiforvalting.

Soknerådet blir godt teke vare på av kyrkjekontoret i Surnadal og den administrative leiinga i Den norske kyrkja, så dei administrative oppgåvene slepp soknerådet stort sett unna.

Kven kan stille til val – og kven har stemmerett?

Alle som er medlemmer i Den norske kyrkja, fyller 18 år i løpet av året og har bustadadresse i Todalen sokn, kan stille som kandidatar til soknerådet. Ingen blir sett opp på lista utan å ha blitt spurt, og har sagt ja til å stå der.

For å stemme i valet, må ein fylle 15 år i løpet av året.

Todalen sokneråd – soknerådsvalet 2023

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 15. mars 2023, 08:15