Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2472 artiklar i dette arkivet.


Bli med Fjellgruppa til Skarven i Bøverdalen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. juni 2023

Tysdag 13. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Skarven i Bøverdalen. Oppmøte og parkering på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Bøverdalen. 


Fjellgruppa med finvêrstur til Bølia i går

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. juni 2023

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i går turen til Bølia, og det vart ein skikkeleg finvêrstur og sommartemperatur for dei 21 som var med på turen. Turen er på rundt 3,5 kilometer opp til toppvarden på 703 moh. 


Matkroken Todalen digitaliserer

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. juni 2023

I går og i dag har betjeninga ved Matkroken Todalen, regionsjefen for Coop Matkroken og andre montert digital prismerking av alle daglegvarene i heile butikken. Regionsjef Nils H. Oksvoll i Coop Matkroken kan fortelje at skjermane på dei nye digitale prislappane er dei første i Coopsystemet i Norge som har fargeskjermar, noko som gjer at tilbodsvarer får raude prisar, medan ordinære prisar står med svart.


«Et slag mot kreft» på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. juni 2023

Søndag 11. juni klokka 11:00 inviterer Surnadal Golfklubb til si tradisjonelle og særs uhøgtidlege, men likevel så viktige lagturnering «Et slag mot kreft» på Surnadal Golfpark på Mo. Dette er ei turnering alle golfklubbar over heile landet arrangerer i samarbeid med Kreftforeningen, og er ei lavterskel golfturnering som er perfekt for nybegynnarar. 



Lokaloppgjer på Bordholmen stadion

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 7. juni 2023

I går kveld var det duka for fotballkamp og eit skikkeleg lokaloppgjer da Søya/Todalen sitt G 11-lag spela mot Kvass/Ulvungen på Bordholmen stadion. Og tilskodarane fekk sjå ein bra og spennande kamp. 


Minner om dugnad i ungdomsrommet onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. juni 2023

Todalen Idrettslag minner om dugnaden, som er annonsert tidlegare, i ungdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion onsdag 7. juni klokka 17:30. Ungdommane blir spesielt oppfordra til å møte opp, for på den måten å vere med å påverke korleis rommet blir når det er ferdig. 


Årets «Hjertemarsj» på måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. juni 2023

Surnadal demensforening og helselag inviterer også i år til «Hjertemarsj» Årets «Hjertemarsj» blir arrangert måndag 12. Juni klokka 18:00 i Kavlvegen på Eidet i  Surnadal.


Stavgangarane til Svorka i Bæverdalen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. juni 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 8. juni klokka 11:00 til stavgang til Svorka i Bæverdalen.


Fjellgruppa med fredagstur til Bølia

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 5. juni 2023

Vanlegvis går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sine fjellturar på tysdagar, men denne gongen inviterer Fjellgruppa til tur til Bølia fredag 9. juni. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00.


Inviterer til onsdagskafe

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 5. juni 2023

Surnadal Frivilligsentral inviterer til onsdagskafe i Frivilligsentralen sine lokalar på Skei onsdag 7. juni frå klokka 15:00 – 18:00. – Dess fleire me er saman, dess trivlegare blir det! – Ta med deg naboen, vener, nokre slektningar og elles andre du finn på vegen!, er oppfordringa frå Frivilligsentralen. 


Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 5. juni 2023

Fredag 9. juni, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.