Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med finvêrstur til Bølia i går

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. juni 2023

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i går turen til Bølia, og det vart ein skikkeleg finvêrstur og sommartemperatur for dei 21 som var med på turen. Turen er på rundt 3,5 kilometer opp til toppvarden på 703 moh. 

Bratt skogsveg frå Bøkleppen. Foto: Anne V. Einum

Vergudane var og med oss, så vi fekk sommartemperatur og det fine utsynet i alle retningar! Vi starta på ein bratt skogsveg, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa

Ser Skålvika og Skålvikfjorden. Foto: Anne V. Einum

Frå Orahaugen ved Bøkleppen, som etter kvart gjekk over i ein bratt men god sti. Det gjorde godt med ein matpause på den gamle steterstølen der Øvre Bøsetra har stått, fortel ho. 

Saksa og Skreåfjellet ruver bak Bøfjorden. Foto: Anne V. Einum

Lettare vart det då vi kom over skoggrensa og landskapet opna seg med vidt utsyn over fjordar,øyer og fjell, fortsett ho. 

Ned Merraskaret. Foto: Anne V. Einum

Då vi endeleg nådde toppen, sat vår gode ven Svein Årnes ved toppvarden. Han hadde gått opp frå Flessen. Nokre av oss meiner at denne fjelltoppen hadde fortjent eit litt meir talande namn enn Bølia, for dette bratte fjellet føles ikkje akkurat som ei li….., men flott turmål er det uansett!, legg ho til.

Ein blir liten ved slik kjempefuru. Foto: Anne V. Einum

Neste turmål er Skarven, 649 moh. Meir informasjonen om den turen kjem her på Todalen.no i morgon!

Publisert: 10. juni 2023, 09:13