Inviterer til saueaversjon
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til saueaversjon onsdag 24. mai og onsdag 7. juni klokka 17:30 båe dagane. Årets saueaversjon foregår hos Bjarte Morten Røen med adresse Kvennbøvegen 78.
Vi fann 2405 artiklar i dette arkivet.
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til saueaversjon onsdag 24. mai og onsdag 7. juni klokka 17:30 båe dagane. Årets saueaversjon foregår hos Bjarte Morten Røen med adresse Kvennbøvegen 78.
Todalen Idrettslag inviterer til tradisjonell 17. mai-frokost i Todalen ungdomshus onsdag den 17. mai etter biltoget. Biltoget startar frå Matkroken Todalen/Talgø klokka 10:00, så frokosten blir servert rett etter at biltoget har køyrt rundt bygda og kome opp til ungdomshuset. litt før klokka 11:00.
Laurdag 13. mai, altå i morgon, klokka 11:00 blir det vårdugnad på Bordholmen for å førebu anlegget til 17..maifeiringa. Det skal ryddast i utstyr og anna i klubbhuset, og klargjere til montering av nyinnkjøpt kjølehjørne. Det må også ryddast litt ute etter vinteren. Så ta med høveleg utstyr til raking og liknande.
Søya/Todalen sitt G11 lag i fotball, spela i kveld kamp mot Sunndal på Søyabanen. Kampen vart spela på ein fin og velstelt grasbane, så speleforholda var i toppklasse, seier rapportane vi har fått frå kampen.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgang til Haltbakken torsdag 11. mai klokka 11:00. Oppmøte og parkering ved Rabbleet på Nordvik, så går turen altså derifrå og utover til Haltbakken.
I helga, 12. – 14. mai, inviterer Surnadal Golfklubb til årets første VTG-kurs («Veien-Til-Golf» = nybegynnerkurs) for nybegynnarar på Surnadal Golfpark på Mo. Så kjenner du nokon som har lyst til å lære å spele golf, så er det berre å tipse dei om kurset!
Fredag 12. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard igjen til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga. Lia gard feirar at våren endeleg har kome igang! Dei feirar dette med å gje bort ein ferdig pyntet pavlovabunn til ein av dei som førehandsbestiller varer til utsalet sitt førstkomande fredag.
Marius Kvande (13), med bestemor frå Sagtrøa i Ørsalgrenda, spelte ein fantastisk runde under årets opningsturnering «Hook & slice» på Surnadal Golfpark på Mo. Han sette like godt ny banerekord med 66 slag. Dette tilsvarer par på Surnadal Golfpark.
17. mai nærmar seg, og i år har alle 17. maikomiteane i Todalen og Stangvik skulekrins laga eit felles program for feiringa av nasjonaldagen. Så her kan ein velge og vrake mellom forskjellege arrangement rundt om i bygdene i skulekrinsen.
Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for mai og juni 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for juli og august, vil bli lagt inn i starten av juli månad.
Det er funne eit messetelt på 3 ganger 3 meter av merket O B Wiik på parkeringsplassen ved nedkøyringa til Haltbkken. Teltet er teke vare på, og eigar kan få det att ved å ta kontakt med redaksjonen i Todalen.no på telefon 986 11 707, så opprettar vi kontakt med finnaren.
I sol frå blå himmel tok 22 stavgangarar i går sesongens andre stavgangtur til Glærum. Det var oppmøte og parkering ved kalkstranda. Derifrå gjekk turen opp til toppen, og ned att til kalkstranda, der det var kaffe og sosialt samvær.