Start 4H inviterer til felles feiring av Halloween
Start 4H inviterer alle, frå 0-101 år, til felles Halloweenfeiring i gymsalen på Todalen skule, måndag 31. oktober klokka 18:00 – 19:30. Ta med godteri og kle deg ut om du vil!
Vi fann 1913 artiklar i dette arkivet.
Start 4H inviterer alle, frå 0-101 år, til felles Halloweenfeiring i gymsalen på Todalen skule, måndag 31. oktober klokka 18:00 – 19:30. Ta med godteri og kle deg ut om du vil!
31. oktober startar den landsdekkande kampanjeveka om eigenberedskap. I Surnadal kommune er det sanitetsforeiningane i Todalen og Surnadal, som vil stå for markeringane av eigenberedskapsveka, med arrangement rundt om i kommunen. I Todalen skjer dette onsdag 2. november på Matkroken Todalen.
Søndag 6. november klokka 15:00 – 18:00 er det Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. Førehandssalet av lodd startar laurdag 29. oktober på Matkroken Todalen klokka 10:00. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926. Hugs å skrive namnet på loddkjøpar når du kjøper via Vipps.
Torsdag 3. november klokka 11:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg ein fysioterapeut til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Torsdag kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, til balleik i gymsalen på Todalen skule. Fjorten ivrige ungar og ungdommar møtte møtte opp for å spele kanonball og stikkball. Så timen som var avsett gjekk fort.
Surnadal kommune opplyser at dei framleis har ledige timar for influensavaksinering, både måndag 31. oktober og tysdag 1. november. Influensavaksine er det viktigaste tiltaket for å unngå alvorleg sjukdom, men både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet er bekymra for vaksinasjonsdekninga.
Todalen Idrettslag opplyser om at det no går beitedyr ved traseen til Toåa tursti. Det er i samband med dette sett opp grind, som kan opnast, der øvre sti ned til Gunnøya tek av. Grinda kan som sagt opnast, men må også stengast når ein har gått igjennom, slik at beitedyra ikkje «stikk av»!
Kombinasjonsbiblioteket ved Todalen oppvekstsenter, vart lagt ned etter at skulen vart slått saman med Todalen og Stangvik oppvekstsenter og flytta til Evenshaugen. Måndag 31. oktober mellom klokka 17:00 – 20:00, blir det difor arrangert (gratis) «sjølvplukk» av bøker, hyller og reolar.
25 ivrige barn og unge hadde frå fredag ettermiddag til laurdag føremiddag, LAN-party oppi ungdomshuset. Svorka hadde sett opp styrken på hastigheita til fibernettet til maks styrke. Mange takk til Svorka!
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer torsdag 27. oktober klokka 18:00 til 19:00, til balleik i gymsalen ved Todalen Oppvekstsenter. Tilbodet er spesielt retta mot barn og unge i alderen 6 – 16 år.
Fredag 28. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til Halloweenutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til Halloween.
Det går no sauer på beite ved deler av traseen til Toåa tursti. Todalen Idrettslag oppfordrar difor alle som går tur i Toåa tursti, om å ta hensyn til dette, slik at sauene ikkje blir skremt. Spesielt gjeld dette for dei av oss som går tur med hund.