Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H med LAN-skapsområde i ungdomshuset

Ragna Kvendset og Line Kvendset Måndag 24. oktober 2022

25 ivrige barn og unge hadde frå fredag ettermiddag til laurdag føremiddag, LAN-party oppi ungdomshuset. Svorka hadde sett opp styrken på hastigheita til fibernettet til maks styrke. Mange takk til Svorka!

LAN i ungdomshuset. Foto: Start 4H

Talgø sponsa god pizza til heile gjengen. Mange takk til Talgø!

Det vart tid til litt andre aktivitetar enn speling også! Foto: Start 4H

Det er ikkje berre dataspeling på desse treffa, rundt midtnatt vart det og ein tur borti ballbingen for ein nattleg fotballkamp.

LAN i ungdomshuset. Foto: Start 4H

Laurdagsmorgen kl.10 var alle nøgde og det var godt å finne senga etter at mange hadde døgna. Magne takk til foreldre og føresette som var vakt både seint og tidleg.

LAN i ungdomshuset. Foto: Start 4H

No står haustfesten for tur, så sett av laurdag 12.november, då skal Start 4H feira sitt 55-årsjubileum.

 

Publisert: 24. oktober 2022, 11:14