Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ledig tid for influensavaksinering måndag og tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. oktober 2022

Surnadal kommune opplyser at dei framleis har ledige timar for influensavaksinering, både måndag 31. oktober og tysdag 1. november. Influensavaksine er det viktigaste tiltaket for å unngå alvorleg sjukdom, men både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet er bekymra for vaksinasjonsdekninga.

Fjorårets sesong var utanom det vanlege, og influensasesongen vart forskuva til våren. Da såg ein at influensavirusa hadde endra seg. I år ser ein at virusa har endra seg ytterlegare.

– Vi ventar at virus som ikkje har vore i omløp på fleire år vil vende tilbake. Dette er virus som vi har lite vern mot, og det gjeld særleg små barn, seier direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg.

Vaksinasjonstilbodet gjeld personar i risikogrupper og alle frå 65 år og oppover.

For bestilling av influensavaksine, ring vaksinetelefon 913 79 001 (9:00 – 15:00) eller send timebestilling på e-post til vaksine@surnadal.kommune.no

Publisert: 26. oktober 2022, 18:00