Stavgangarane med godvêrstur til Krokvatnet
Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Krokvatnet. Og det vart ein skikkeleg fin haustdag med sol og god temperatur for dei tjue stavgangarane.
Vi fann 2514 artiklar i dette arkivet.
Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Krokvatnet. Og det vart ein skikkeleg fin haustdag med sol og god temperatur for dei tjue stavgangarane.
I år fyller SpareBank 1 Nordmøre 190 år, eit jubileum som allereie har vore markert gjennom fleire arrangement dette året. No er det ungdommane sin tur til å vere med på feiringa, kunne Liv Dalsegg og Arne Berset fortelje under eit pressetreff på Øye onsdag formiddag.
Venneforeninga ved Surnadal sjukeheim, som i mars skifta namn frå Pårørandeforeninga, har ved hjelp av innsamla midlar og dugnadar, fått sett opp ein pergola ved Surnadal sjukeheim. I strålande sommarvêr og sol, var det tysdag offisiell opning av den nye pergolaen. Venneforeninga håper pergolaen blir til stor glede for bebuarane, pårørande og dei tilsette ved Surnadal sjukeheim.
Det vart ein fin tur i skikkeleg godt sommarvêr med høgt terreng da Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal tysdag tok turen til Rindal og Tifjellet.
Tysdag 2. september inviterer Todalen Idrettslag alle Todalingar og alle andre i Stangvik skulekrins til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing.
Torsdag 4. september inviterer Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Krokvatnet. Oppmøte ved Dønnheim bedehus klokka 11:00 for samkøyring.
Da har vi, litt forsenka, lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for september og oktober 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for november og desember 2025 blir lagt ut i måadsskiftet oktober/november.
Tysdag 2.september inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet til ny fjelltur. På tysdag går turen til Tifjellet. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30 for samkøyring til YX-stasjonen i Rindal.
Nordmøre Forsvarsforening og Nordmøre brigadeveteranforening har i etterkant av tysdagens digitale forsvarshistoriske vandring, som vart ein stor suksett, fått mange oppfordringar om lage ein reprise. Difor inviterer dei to foreningane til reprise på den digitale vandringa onsdag 3. september klokka 19:00 i Storstuå på Surnadal kulturhus.
Onsdag besøkte førstekandidat for Senterpartiet i Møre og Romsdal Surnadal. Her besøkte han først Eiksenteret i Røtet, der han fekk sjå det nye Eiksenteret. Etterpå turen gikk til ALTI og Surnadal videregåande skule. Det var ordførar Hugo Pedersen som var vertskap for besøket. Det klare budskapet frå Lien var at Senterpartiet ville styrke fylkes- og kommuneøkonomien.
Torsdag tok stavgangarane i Pensjonistforbundet Surnadal turen til nabokommunen Rindal og Igeltjønna. Det vart ein strålande finêrsdag, så det vart ein fin tur rundt Tjønna.
Tysdag inviterte Nordmøre Forsvarsforening og Nordmøre brigadeveteranforening til forsvarshistorisk sommartur til Surnadal, der ein også markerte at det var åtti år sidan andre verdskrig slutta i Norge. Responsen på invitasjonen var særs god, og arrangementet måtte flyttast frå kinosalen til Storstuå på Surnadal kulturhus.