Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2368 artiklar i dette arkivet.


Tore Renberg til Surnadal bibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. januar 2022

Surnadal bibliotek inviterer, i samarbeid med Litteraturhus Møre og Romsdal, til forfattartreff med Tore Renberg tysdag 1. februar klokka 19:00 i kinosalen på Surnadal kulturhus. Litteraturhus i Møre og Romsdal bidreg til at litteraturtilbod blir tilgjengelege for alle i fylket, og er eit samarbeid mellom Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum. Målet er å gje folk i heile Møre og Romsdal fylke gode litteraturopplevingar. Prosjektet gjeld førebels for perioden 2021 – 2023. 


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 23.

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. januar 2022

Søndag 23. januar klokken 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Cathrine Grutle, medan Bernt G. Bøe er organist denne søndagen. Takkoffer til Misjonsprosjektet, som har vippsnummer 506908. 


Surnadal kulturhus fyller 20 år i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. januar 2022

Det er i dag akkurat 20 år sia Surnadal kulturhus på Skei vart offisielt opna. Jubileet vil bli markert seinare i vinter, da ein forhåpentleg opplever ein meir «arrangement-venleg» periode. Kulturstyret la inn kulturhus i sitt langtidsbudsjett allereie i 1987, men det skulle gå lang tid før endeleg vedtak om bygging vart fatta. Kommunestyret gjekk i desember 1998 inn for bygging av kulturhus med ei kostnadsramme på 51 millionar kroner. 


Digital SuSu:Arena 15. februar 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. januar 2022

Tysdag 15. februar inviterer SuSu-KOF til digital SuSu:Arena. Dette vil vere ein arena der elevar frå dei videregåande skulane, vaksenopplæringane og elvar frå 10. klasse ved ungdsomsskulane kan delta på digitale stands. Det blir altså ein digital karrieredag.
På dei digitale standane vil det vere utdanningsinstitusjonar frå regionen, opplæringskontora og næringslivet frå Surnadal, Sunndal og Tingvoll kommunar, seier prosjektleiar Kim Stian Bråstad.
For å gjennomføre karrieredagen brukar vi ei plattform som heiter «Myonvent», som er tilrettelagt for denne typen arrangement.


Ope bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. januar 2022

Fredag 21. januar, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til årets første bakeriutsal. Denne gongen kan dei mellom anna freiste med knekkebrød og eit nytt produkt, nemleg frokostblanding. Så vil du sikre deg noko godt til helga, så er Lia gard staden å besøke fredag. 


Straumen borte i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. januar 2022

Straumen har vore borte i Todalen sidan rundt klokka 18:00. I ei melding frå svorka klokka 19:23 får vi opplyst at feilen er lokalisert, men at det vil ta litt tid før strømmen er tilbake. Det er ei Furu som har falt over straumledninga i Svinvika som gjer at straumen er borte. Svorka arbeider med saka, og håper straumen er tilbake om ikkje så alt for lenge. 


Varsel om kraftig vind i kveld og natt

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. januar 2022

Ikkje før er vi ferdige med uvêret Gyda, så melder Meteorologisk institutt om kraftig vind, med opp i orkan styrke på Nordmøre og sørlege delar av Trøndelag. Fergestrekninga Kvanne – Rykkjem er allereie stengt (frå 17:15), og politiet oppmodar folk om å halde seg inne, og unngå all bilkøyring som ikkje er absolutt naudsynt. 


Trim i Meierisalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 14. januar 2022

Torsdag 20. januar kokka 11:00 startar Surnadal Pensjonistlag opp att med trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Surnadal Pensjonistlag er særs godt nøgd med framleis å ha med Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen. 


Stenging av Fv 6148 – Ørsal-/Melavegen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 14. januar 2022

I perioden 24. januar – 28. februar vil Fv 6148 – Ørsal-/Melavegen vere stengt for gjennomkøyring over Haukåbrua. Dette på grunn av at rekkverket på brua skal skiftast ut. Omkøyring er via Fv 6146 – Todalsvegen og Fv 6148 – Melavegen eller Pilskarvegen og over Øyabrua. Omkøyringa vil vere skilta under heile perioden arbeidet med rekkverket pågår.


Balleik inne medan Gyda herja ute

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 14. januar 2022

Torsdag kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen på Todalen skule. Og i går kveld passa det nok ekstra godt med innandørs aktivitetar, sidan Gyda herja ute. Mange barn og unge møtte opp for å ha det litt artig med balleik og for å trene litt saman. 


Fv 65 delvis opna att

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. januar 2022

Møre og Romsdal fylkeskommunen melder no seint i kveld at eitt felt på Fv 65 fobi Einmo/Ranes og ved Bolme bru, vil bli opna for trafikk. Dette gjer at trafikken nordover til Trondheim og Trøndelag kan kome i gang att. Alle bussavgangar nordover vil likevel vere innstilt fredag har vi fått opplyst. 


Surnadal kommune – oppdatering frå kriseleiinga om uvêret Gyda

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 13. januar 2022

I ei pressemelding, vi akkurat har motteke, får vi ei oppdatering på situasjonen i Surnadal kommune i samband med uvêret Gyda. NVE reknar med at flaumtoppen vil bli nådd i løpet av natta, men at rasfaren vil vere størst i morgon. Statens vegvesen reknar med at Fv 65, nordover mot Trondheim, vil kunne opnast i løpet av morgondagen, med dei oppfordrar til å følge med på vegvesen.no for oppdatert informasjon. Dei rundt 350 sauene som lenge stod i fare for å drukne, er no berga og flytta til andre fjøs. Alle skulane i kommunen vil i morgon ha heimeundervisning.