Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lansering av boka «Slaget i Gratangen»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 25. mars 2022

Tyrsdag 29. mars klokka 19:00 kjem forfattar Helge Husby, som er frå Tingvoll, til Kveldheim i Bøfjorden for å lansere boka «Slaget i Gratangen 25. april 1940 – Trønderbataljonen frå nøytralitet til krig», som han har skrive. Husby dokumentert eit av dei mest gripande kapitla i norsk soldathistorie. Under boklanseringa vil Husby halde eit bildeforedrag. 

Eg skriv først og fremst om dei unge gutane frå Nordmøre og Trøndelag som vart kasta inn i krigen mot den tyske krigsmakta med slaget Gratangen i Troms i april 1940, seier Husby. Fleire av hans sambygdingar frå Tingvoll deltok der, og alt som gut vart Husby spesielt interessert i det som hende under dette slaget. – Ja, soldatveteran og nabo Johannes Røsdal vart rørt da eg som 14-åring skreiv skulestil om temaet!, fortel Husby vidare. 

Gunnar P. Bøe fall under slaget i Gratangen, og vart gravlagt ved Åsskard kyrkje i juni 1941. Mykje folk var samla i heimen Olastua før turen til kyrkja. Lærar Bjarne Megard held andakt ved båra. Foto: Privat

Minne og refleksjonar

Husby fortel at det fyldige bokverket på 279 sider – med over 300 bilete, illustrasjonar og kart – er laga til minne om soldatane som døde i Gratangen. Mellom dei 34 norske som fall, var Halvard Røen frå Kvanne, Gunnar P. Bøe frå Bøfjorden, Fredrik Eikrem frå Straumsnes og Helge sin sambygding Erling Rød.

Boka dokumenterer styrke og heltemot – lysande eksempel på det store i mennesket. Men samtidig får vi innblikk i noko av det vonde som dei over 700 overlevande fekk å slite med i ettertida.

Minnetavle over dei falne frå IR 12. Foto: Tidlegare foredrag.

Husby har gjeve ut stoff om Gratangen-slaget også tidlegare. Han har halde fleire foredrag og foreteke vandringar i Gratangen og Pasvikdalen, der gutane var på nøytralitetsvakt. No har han samla det meste som er tilgjengeleg av historikk og unike foto. Boka er resultat av intenst kjeldestudium, samtalar, reiser og forsking på denne mørke historia.

Foredragsturné 

Tysdagens program på Kveldheim i Bøfjorden er starten på ein lanseringsturné der forfattaren med sin kunnskap, gode formidlarevne og rike biletmateriale besøkjer fleire nordmørsbygder. Reiseruta vidare blir i første omgang Tustna, Aure og Batnfjorden. – Men eg stiller gjerne opp andre stader og – om eg blir spurt, seier Helge Husby.

Kveldheim byr på kaffe, ryktast det. Og boka blir sjølsagt å få kjøpt der. Dette grendahuset er forresten nabo til Olastua på Bølandet – heimen til Gunnar P. Bøe, som fall i Gratangen berre 22 år gammal.

Eli Berg gir lyd til det nyleg attfunne kjenningssignalet for Infanteriregiment 12. Foto: Bjørn Stomsvik

Kjenningssignalet attfunne!

Ein særleg attraksjon er det at trompetisten Eli Berg deltek på kvelden og blir den første i vår levetid som spelar Trønderbataljonen sitt hornsignal! I sitt utrøttelege kjeldearbeid har nemleg Husby – på ein handskriven lapp i ei notisbok – funne att notane som alle trudde var borte.

I boka skriv Helge Husby at løytnant Hafsmo under tumultene i Gratangen ropar til hornblåsar Håkon Haugen: «Blås IR 12 sitt kjenningssignal!» Da er det eit underleg samantreff at Eli Berg, som Bøfjorden Historielag inviterte til å framføre signalet, i barneåra vart kjend med den same Håkon Haugen – i Løkken Musikkorps! Sjølve instrumentet ho spelar på, har også ei spesiell historie …

 

Først publisert: 25. mars 2022, 12:00 - Sist oppdatert: 23. mars 2022, 12:44