Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik Kårvatn fekk talentstipend frå Sparebank1 SMN

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. mars 2022

I ei pressemelding frå Sparebank1 SMN, får vi opplyser at Erik Kårvatn har fått tildelt Sparebank1 SMN sitt «talentstipend». Erik er ein ung og talentfull utøvar innan randonee, i ventersesongen og skyrunning, i sommarmånadane. «Talentstipendet» gjer at Erik kan satse enda meir i båe greinene framover. Erik har allereie delteke i fleire internasjonale konkurransar, både her heime og i utlandet, i båe greinene. 

Randonee er ein veksande idrett og står på OL-programmet når neste vinter-OL går føre seg i Milano og Cortina d’Ampezzo i 2026. Dette inspirerer nok, både Erik, og mange andre til å satse på denne randonee i åra som framover. 

For å bli teken ut til OL, må ein gjennom eit trongt «nålaue» der berre nokre få blir tekne ut, så eit slikt stipend kjem godt med i Erik si satsing fram mot OL-uttaket som skjer ved årsskiftet 2025/26, og eventuelt deltaking i OL i 2026. 

Her er juryen si grunngjeving for tildeling av «Talentstipendet» til Erik:

Erik er ein spanande utøvar som har vakse opp på fjellgarden Kårvatn med fjell som ein stor og naturleg del av livet. Derfor er både randonee og skyrunning naturlege idrettar for den unge utøvaren. Han har allereie oppnådd sterke resultater internasjonalt, både sommar og vinter, og er ein utøvar som legg ned ein enorm jobb for å nå draumane sine. Han har sett seg konkrete mål om å klatre internasjonalt i åra som kjem med eit langsiktig mål om å delta i OL 2026 innanfor randonee, samt være i verdstoppen innanfor både randonee og skyrunnning. Han ønskjer å være eit førebilete i lokalsamfunnet sitt og deltar på samlingar for å inspirere andre barn og unge til å satse på sine mål og draumar.

 


Todalen.no –


 

Publisert: 30. mars 2022, 17:00