Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Felles middag onsdag 30. mars

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. mars 2022

Onsdag 30. mars inviterer kyrkja i Surnadal igjen alle til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Da blir det servert middag og ettermiddagskaffi/te til alle i alle aldrar. Serveringa er i tidsrommet frå klokka 16:00 – 16:45, men dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00. 

Prisen per person er kroner 50,-, for dei over 12 år, medan det er gratis for dei under 12 år. Ein kan betale med Vipps eller kontantar. 

Dei andre datoane for felles middag er: 30. mars, 27. april og 25. mai. 

Påmelidng, via telefon eller SMS, til Elsa Jensvold på telefon 995 18 162 innan måndag 28. mars. Hugs å skriv antal og alder dersom du nyttar SMS!

Kyrkja i Surnadal ønsker både store og små velkomne til felles middag!

Invitasjonen kan du lese her: «Felles middag – 30. mars»

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 22. mars 2022, 09:16