Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3284 artiklar i dette arkivet.


Foreslår å Inviterer til idemyldring

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. februar 2022

I si tilråding til formannskapsmøtet i morgon, fredag 4. februar, foreslår kommunedirektør Knut Haugen å invitere til ei idemyldring for å finne ut kva som skal skje med bygningsmassen, som fram til hausetn 2021, husa Todalen skule. Kommunen gjekk i oktober ut med oppfordring til eventuelle interesentar om å melde si interesse, men dette har, så langt, ikkje resultert i konkrete forslag. Difor vil kommunedirektøren no invitere bygdefolket til idemyldring før endeleg avgjer om framtidig bruk av bygningane/arealet blir vedteke. 


Oversikt over nasjonale råd og reglar covid-19

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. februar 2022

Regjeringa presenterte i går, tysdag 1. februar, endringane som er gjort i covid-19 tiltaka. Mange av dei smitteverntiltaka vart med det borte eller lempa på. Dette inneber ein meir «normal» kvardag, sjølv om det framleis er nokre viktige smitteverntiltak som framleis gjeld.


Barnehagar og skular over på grønt nivå

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. januar 2022

I kveld hadde Surnadal formannskap eit ekstra formannskapsmøte for å diskutere eventuell forlenging av den lokale forskrifta for  smitteverntiltak. Kommunedirektør Knut Haugen la på møtet fram innstilling om å flytte barnehagar, grunnskulane og vaksenopplæringa over frå gult til grønt nivå. 


Trim i Meierisalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. januar 2022

Torsdag 3. februar klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen.


Sluttrapport frå SuSu-KOF-samarbeidet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. januar 2022

I ei pressemelding no i dag, får vi presentert sluttrapporten frå SuSu-KOF samarbeidet, som har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Sunndal og Surnadal kommunar sidan 2013. Målsettinga for SuSu samarbeidet var i si tid å skape nye arbeidsplassar, sikre dei arbeidsplassane som allereie var her, samt fokus på «bo- og blilyst».  
Det er i perioden 2013 – 2021 fordelt 13,2 millionar i SuSu-midlar til 123 bedrifter og tiltak så langt. Det er mange firma og bedrifter som gjennom hjelpa frå SuSu har fått realisert sine prosjekt og planer knytta til kompetanseheving, vekst og utvikling. 


Ope bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. januar 2022

Fredag 4. februar, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Hyllene vil bli fylt opp med både ferske kaffebrød og grovbakst. Også denne gongen kan dei by på ei nyheit, nemleg landbrød.  


No går toget! – Forslag om nedlegging av Todalen barnehage

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 29. januar 2022

I sitt saksframlegg til Hovudutval for oppvekst og til Formannskapet, tilrår kommunedirektør Knut Haugen at kriteria for reopning av Todalen barnehage, for barnehageåra 2022/23 og 2023/24, blir endra til 12 plassar for ei eventuell reopning av barnehagen. Dette er ei vesentleg endring i kriteria, i høve til vedtaket som vart gjort 13. desember 2018, der talet vart sett til 5 ungar eller meir. Todalen barnehage er som kjent midlertidig stengt frå hausten 2021 på grunn av for få innsøkte ungar.


Digital registrering av positive hurtigtestar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. januar 2022

No kan du sjølv melde frå til Surnadal kommune om eventuelle positive hurtigtestar på nett. Helsedirektoratet har godkjend det digitale systemet ReMin til slik registrering. Det er enkelt å bruke. Du loggar inn med BankID for å registrere positive prøvesvar for deg sjølv eller eigne barn.


Surnadal JFF kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) kallar inn til årsmøte måndag 24. februar klokka 19:30 i kinosalen på Surnadal kulturhus. Vanlege årsmøtesaker. I tillegg blir det oppfølging av sak om vedtektsendringar og kontingentsatsar vedtekne av landsmøtet i Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) i 2021.   


Vekestatus for koronasituasjonen i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

I dag var det eit ekstraordinært Formannskapsmøte i Surnadal kommune, for å diskutere vidare lokal forskrift for smitteverntiltak. Kommuneoverlege Bjørn Buan ville gå lengre enn politikarane og ville forlenge forskrifta til godt ut i februar, men Formannskapet vedtok til slutt samrøystes førebels å forlenge den lokale forskrifta berre ut januar. Dette inneber at barnehagar og skular framleis vil vere på gult beredskapsnivå, noko som inneber at elevane må ta hurtigtest kvar veke. Surnadal vidaregåande skule er flytta over på grønt beredskapsnivå. 


Trim i Meirerisalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

Torsdag 27. januar kokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen. 


I.L. Søya kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. januar 2022

Idrettslaget Søya kallar inn til årsmøte måndag 28. februar klokka 19:30 i klubbhuset på Søyabanen. Dei inviterer alle sine medlemmer til årsmøtet i idrettslaget.