Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokalt meisterverk

Einy Rendal Elgsæther Onsdag 28. desember 2022

Einy Rendal Elgsæther har sendt oss ein bokomtale av boka «Kyrkja i Stangvik», som du kan lese her. Igjen har Bernt Bøe gitt oss eit lokalt meisterstykke om historie, kyrkje, musikk og kultur. I samband med Stangvik kyrkjes 125-årsjubileum har soknerådet gitt ut ei praktbok som Bernt har vore produsent for. Og dette er ikkje berre 180 sider med interessant lokal kunnskap på mange felt, men god litteratur i skildringane av levd folkeliv og fortsatt levande kyrkjeliv.

Det er ikkje berre Stangvik kyrkjes historie, sjølv om det er interessant nok, med dei tre kyrkjene, omtale av 28 prestar og fleire medarbeidarar, organistar, kyrkjetenarar, diakonar og trusopplærarar, og ikkje minst frivillige hjelparar, men det er inngåande skildring av Den norske kyrkjas historie, oppbygging og struktur. Det er førsteklasses informasjon om kyrkjemusikk, gudstenesteordningar og kyrkjesymbol etc etc.

Gjennom nær 40 allsidige kapittel får vi vita det meste om kyrkja vår, den lokale og kyrkja i vidare forstand, korleis eit orgel er oppbygd, om kyrkjebygging, om kyrkjas stilling i grunnlovåret 1814, om korleis bedehusliv og foreningsliv voks fram, Hans Nielsen Hauges påverknad i bygdene våre, kyrkja under krigen, kyrkjekunst og -musikk, kyrkjeveg, om høgmesse og liturgi og grundig gjennomgang av kyrkjelege handlingar, dåp, nattverd, vigsle og gravferd.

Dersom dette er ukjente ting for deg, så finn du det meste i jubileumsboka for Stangvik.

Boka er også rikeleg illustrert med mange bilete.

Vi kan vel seia at mykje av dette har Bernt skrive om før, i sine mange hefter om kyrkjene i distriktet (også til hundreårsjubileet i Stangvik), men i denne innbundne boka har han samla det meste, utvida det og gjort det svært tilgjengeleg.

Dette er vår historie og levande liv, eit klenodium som vel bør finnast i alle heimar, også for nye slekter i vår kommune og vidare.

Takk til Bernt Bøe og hans medhjelparar for eit storslått arbeid og ei skattkiste.

 

Publisert: 28. desember 2022, 18:51