Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3559 artiklar i dette arkivet.


Informasjon om influensavaksinering og pneumokokkvaksinering

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. oktober 2022

Surnadal kommune informerer no om årets influensavaksinering. Influensasesong sesonger i år, er venta å bli noko verre enn normalt. Dette på grunn av dei omfattande smitteverntiltaka som har vore i samband med covid-19 pandemien. Det har vore lite influensavirus i omløp og vi har låg immunitet mot dette. Alle som er anbefalt influensavaksine er difor oppfordra til å ta den.



Haustope i Svinviks arboret

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 3. oktober 2022

Søndag 9. oktober klokka 13:00 inviterer Svinviks arboret til foredrag og kunstutstilling i arboretet. På programmet står: «Invasiv rododendron i Norge – hybridisering, tilpasning, utbrudd og tiltak». Populærvitenskapeleg foredrag med forskar Duncan Halley frå NINA, Norsk institutt for naturforsking. Kafeen er også open, og her kan du få kjøpt kaffe og eplekake. Klokka 14:30 opnar salsutsilling, med den lokale kunstnaren Sissel Halset Storslett, dørene i fjøset i arboretet. 


Stavgangarane tek turen til Øygardshalsen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 3. oktober 2022

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 6. oktober klokka 11:00 til stavgangtur til Øygardshalsen. Oppmøte på og parkering ved I.L. Søya sitt klubbhus ved Vang skisenter. 


Er vi førebudd til neste krise?

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. oktober 2022

Det er spørsmålet Britt May Hollås, fylkesleder NKS Møre og Romsdal, og Malin Stensønes, generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening stiller i eit presseskriv vi har fått no i dag. Bakgrunnen for presseskrivet er «Sanitetens uke 2022» og å løfte fram frivilligheita sin viktige rolle i samfunnsberedskapen, i forkant av framlegginga av årets statsbudsjett.


Ny «trimsesong» startar i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. september 2022

Todalen Idrettslag sin trimapp «På tur i Todalen», som vart intordusert 1. oktober 2021, har vore ein stor suksess. 175 registrerte brukarar har registrert godt over 13500 registreringar «trimåret 2021/22» som blir avslutta ved midnatt no i dag. Med bakgrunn i dette har Todalen Idrettslag bestemt seg for å vidareføre trimpoengappen også for perioden 1. oktober 2022 – 30. september 2023.


Tek ikkje attval som ordførar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. september 2022

Ordførar i Surnadal kommune, Margrethe Svinvik, offentleggjorde i dag, på sin eigen Facebookprofil, at ho ikkje stiller som ordførarkandidat for Surnadal Senterparti til kommunevalet neste haust.


Fjellgruppa sesongavslutta med tur til Gråfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. september 2022

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin siste tur denne sesongen, da 28 spreke pensjonistar tok turen til Gråfjellet. Turen starta frå Nordvik, der dei køyrde bomvegen oppover til Nordviksetra. Derifrå guida Ingrid og Jan Nordvik turfølget vidare i lett, tørt og fint terreng etter den gamle turstien som går til Sula.


Stavgangarane til Bøkeskogen på torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. september 2022

Torsdag 29. september inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Bøkeskogen i Stangvik. Oppmøte på parkeringsplassen ved Svisshomen klokka 11:00. 


Topp resultat for årets Demensaksjonen i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. september 2022

Da er siste bøssa frå årets Demensaksjon komen inn og talt opp.  Surnadal demensforening og helselag og Åsgard helselag er særs godt nøgd med eit topp resultat for årets Demensaksjon. Dei to helselaga i kommunen har samla inn til saman kroner 119.522,- under årets aksjon. 


Sykkeltrimmarane sesongavslutta i går kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. september 2022

Sykkeltrimmarane i Todalen avslutta sesongen i går kveld, der sesongens siste «ritt» gjekk til Nordvik. «Turen gikk til Nordvik via gammelvegen og kammen/Brenna/Snøya», fortel Terje Nordvik.


Kløvertur i sol og landvind

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. september 2022

Sol og landvind, nydeleg turområde og stort turfølge; betre kan det nesten ikkje bli på Kløvertur ein måndag sist i september!