Surnadal Pensjonistlag kallar inn til årsmøte
Surnadal Pensjonistlag kallar inn til årsmøte onsdag 29. januar klokka 15:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral på Skei. Dagsorden for årsmøtet i pensjonistlaget finn ein nedanfor:
Vi fann 3511 artiklar i dette arkivet.
Surnadal Pensjonistlag kallar inn til årsmøte onsdag 29. januar klokka 15:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral på Skei. Dagsorden for årsmøtet i pensjonistlaget finn ein nedanfor:
Styret i Surnadal Arbeiderparti kallar inn til årsmøte onsdag 12. februar klokka 19:00 i kommunestyresalen på Surnadal kommunehus. Vanlege årsmøtesaker, loddsal og enkel servering.
Styret i Idrettslaget Søya kallar inn medlemmane til årsmøte måndag 3. mars klokka 20:00. Årsmøtet blir avvikla i idrettslaget sitt klubbhus ved Søyabanen.
Onsdag 8. januar klokka 12:00 blir Naudvarsel på mobil og varslingsanlegga til Sivilforsvaret testa over heile landet. Dette er altså berre ein test, så ein treng ikkje foreta seg noko.
I dag vart det siste toppisdekket på skeiseisen på det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag på Bordholmen stadion lagt, og Finn Ranes i dugnadsgjengen for skeiseis kan melde om fine forhold for å gå på skeiser, så da er det berre å ta fram skeisene og ta i bruk det nye nærmiljøanlegget.
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for januar og februar 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for mars og april 2025 blir lagt ut i måadsskiftet feburar/mars.
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem har vore ute av trafikk tidlegare denne morgonen, og melder no kl 7:01 at «Grunna dårlig ver vert sambandet fortsatt innstilt inntil vidare.» Kl 07:51 melder Fjord1 om normal drift igjen på strekninga Kvanne – Rykkjem.
Da bankar eit nytt år på døra, og tida er inne for å sjå seg litt tilbake, også for oss i Todalen.no. I 2024 har vi produsert og publisert 1062 saker, noko som er 44 saker meir enn i 2023, Besøkstala på sida vår ligg i snitt godt over 1000 besøk kvar dag, så det er tydeleg at mange sett pris på det arbeidet vi gjer, og det er vi sjølvsagt glade for!
Det har etter kvart vorte ein tradisjon med nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje. Kjell Gunnar Polden har sendt oss ein liten omtale av gudstenesta i ettermiddag. Omtalen les du nedanfor.
Rett før jul kom den 54 årgangen av den populære Søyaposten, som Idrettslaget Søya er utgjevar av. Dette er kjærkommen julelektyre til glede for mange og noko som det blir sett pris på.
Da har vi feira julekveld og har så vidt teke til på romjula, noko som inneber litt endra opningstider hos Matkroken Todalen fram til nyttår. I dag, onsdag 25. desember er butikken heilt stengt, medan det torsdag er kioskope klokka 16:00 – 18:00.
Todalen Idrettslags trimgruppe er tradisjonell arrangør av Romjulsmarsjen 3. juledag (fredag 27. desember), med start mellom 12:00 og 15:00. Som vanleg er det gløggstasjon ved «chekpoint» Bruset, og der får du og ei lita belønning for deltaking – og sjølvsagt høve til å kjøpe lodd i romjulslotteriet som har trekning umiddelbart etter romjulsmarsjen.