Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3515 artiklar i dette arkivet.


Todalshytta: – Byr på pinsemiddag

Jon Olav Ørsal Fredag 26. mai 2023

Todalshytta held ope for servering 1. pinsedag ( 28. mai).  Dørene opnes kl 13:00 og held ope til kl 18:00.  Todalshytta har mykje godt å by på, klikk på menyen her.  Vi håper at vêrgudane er med oss, slik at vi får  testa dei nye terassane og kan nyte god mat med uteservering, helsar Arve […]


Stavgangarane tok Svinvikrunden

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. mai 2023

I går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Svinvikrunden. Vêrgudane såg ikkje ut til å ville varte opp med fint turvêr, men akkurat da stavgangarane gjekk turen sin var det i alle fall opphaldsvêr bortimot heile turen. 


Fjellgruppa inviterer på tur til Tussan

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. mai 2023

Tysdag 30. mai inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag på til Tussan. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Hauaskaret, der det blir parkering og start på turen. 


Årets «Hjertemarsj» onsdag 31. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. mai 2023

Surnadal demensforening og helselag inviterer også i år til «Hjertemarsj» Årets «Hjertemarsj» blir arrangert onsdag 31. mai klokka 18:00 i Kavlvegen på Eidet i  Surnadal.


Klart for Vårsøghelga 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. mai 2023

I morgon klokka 18:00 startar Vårsøghelga 2023. Da er det opnninng av kunstutstilling med årets festivalkunstnar Nirmal Singh Dhunsi frå India, no busett i Trondheim. Dette foregår i Finstuå på Surnadal kulturhus. Årets Vårsøghelg varer til og med søndag 28. mai. 


Fjellgruppa sin første tur gjekk til Årnes

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. mai 2023

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin første fjelltur for sesongen gjekk til Årnes i går. – Bert var det, og god sti, men himmelen viste ikkje fram solsida si, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa.  


Todalsøra 125 lagt ut for sal

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. mai 2023

Todalsøra 125, kanskje betre kjent som Innerbaugen er lagt ut for sal. Innerbaugen har eit totalt bruksareal på 215 kvadratmeter og vart bygd i 1925. Fram til 1976 var posthuset i Todalen lokalisert i Innerbaugen. På eigedomen er det i tillegg til huset både eit lite fjøs og naust. 


Da er sykkeltrimmen komen i gang att

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. mai 2023

Kvar måndag er det ein gjeng med trimmarar som møtest for å trimme litt saman, før det heile blir avslutta med kaffe og sosial samvær. Frå mai og ut på hausten syklar dei forskjellege ruter i Todalen og på Nordvik, medan dei resten av sesongen trener på Hett & Svett eller går på ski i lysløypa på Tjønnmyra. 


Ope pinse-bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. mai 2023

Fredag 26. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til pinse-bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til pinshelga. For å feire våren har dei denne gongen «maitilbod» på skulebollar, 5 skulebollar til 145,- kroner. 


Stavgangarane tok turen til bøkeskogen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. mai 2023

I går gjekk Stravganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til bøkeskogen i Stangvik (Grantrøinn). Utsikta utover Stangvikfjorden med snødekte fjell som bakgrunn gjorde dagen ekstra fin for dei 18 turglade stavgangarane som var med.  


Inviterer til «Trygghetstreff»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. mai 2023

Sanitetskvinnene er, i tillegg til myykje anna, ein beredskapsorganisasjon. Dei har
nasjonale samarbeidsavtalar med Helsedirektoratet, Politidirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Dei har også plass i både fylkesberedskapsråd og kommunale beredskapsråd. I tillegg har dei fleste av lokallaga eigne Omsorgsberedskapsgrupper som har samarbeidsavtalar med sine kommunar om å bistå ved behov. Sanitetskvinnene har over 3500 beredskapsfrivillige, feldelt på 320 lokalforeiningar og er organisert i 145 Omsorgsberedskapsgrupper rundt om i landet.


Sesongopning Svinviks arboret laurdag 20.mai kl. 11.00.

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. mai 2023

Svinviks arboret er ein museumshage med ei stor samling av rododendron, frukthage, stauder og bartre. Her finn du også ein sesongkafe og eit lite planteutsal. Både rododendron og frukttre har starta på blomstringa no, og fortset i tida framover.