Justerer rutetider – Tek hensyn til pendlarane
Fjord1 tek hensyn til pendlartrafikken og arbeidet på ferjekaia på Kvanne – frå onsdag 3. januar 2024 blir det endra rutetider skriv dei i ei melding til Todalen.no:
Vi fann 3621 artiklar i dette arkivet.
Fjord1 tek hensyn til pendlartrafikken og arbeidet på ferjekaia på Kvanne – frå onsdag 3. januar 2024 blir det endra rutetider skriv dei i ei melding til Todalen.no:
Når vi står ved inngangen til eit nytt år, så er det naturleg å stoppe opp og sjå seg tilbake. Vi i Todalen.no har lagt ut 1018 saker så langt i 2023. Det er omtrent det same talet som i 2022, og viser vel at vi henger godt med, når vi no siktar oss inn mot det nye åreet 2024. Vi har i gjennomsnitt 12-1300 besøk på sida kvar dag, og det viser at det er stor interesse for både store og små nyheiter frå Todalen – langt utom Todalens grenser!
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for januar og februar 2024 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no.
Femte juledag inviterte Todalshytta til julequiz, med Sondre Halset og Mari Redalen som quizmastrar. Det var bra deltaking og det vart ganske fort ein hard kamp om poenga og jamnt i teten. I runde i quizen relatert til julen, medan dei tre neste omgangane vart kalla blandadrops med nøtter.
Lort Phillips og Todalshytta har sendt oss en julehilsen som vi skal formidle til gjester, kunder, venner og hjelpere med ønske om God jul og Godt nyttår! Men Lorten synes det blir litt stille i hytta i jula, og inviterer derfor alle som ønsker det til en Julequiz 5. juledag (fredag 29. desember).
3. juledag er uten tvil den største utfartsdagen i Todalen. Deltakartale varierer litt med vêret, men rekorden ligg nok rundt 180 deltakarar på runden rundt bygda. Den går enten til fots, eller med spark eller sågar også på ski. Er det blankis så er det best med piggsko eller broddar slik at ein klararer å halse seg på føttene. I å var det tidvis ganske tett snødrev, men det var faktisk ingen som klaga verken på vêret eller føret.
Vi i redaksjonen ønskjer alle våre lesarar ei god og fredelag julehelg. Sjølv om vi tek oss tid til litt julefeiring så vil vi halde eit auge med nyheitsbildet i nærmiljøet.
Bra at vi har veteranar som stiller opp på gudstenestene våre, sa Gudmund Husby , da han ønska velkomen til julegudsteneste i Todalen kyrkje. Torbjørn Brøske var prest, Bernt Bøe var organist, Gudmund Husby var klokkar/tekstlesar og Marit Glærum kyrkjetenar – alle samme er pensjonistar og fortener litt applaus!
Det ligg ein feil i rutesøket for rute 1061 Kvanne – Rykkjem for 24. desember (julaftan) og 25. desember (1. juledag) på fjord1.no og i reiseplanleggaren på frammr.no. Så skal du reise og må ta ferge ein av desse dagane, så må du sjekke rutetidene nedanfor, da det er desse rutetidene som gjeld, og ikkje dei du får opp under reiseplanleggaren.
Matkroken Todalen minner om opningstida i romjula- butikken er heilt stengt i to dagar – 1. juledag og 1. nyttårsdag. Vanlege dagar i romjula er opningstida 10-16, medan 2. juledag har kioskope 16-18. Avvikande opningstid har også 6. juledag da butikken stenger kl 13 for å gjøre unna vareteljinga resten av dagen. Nyttårsaften er butikken open 9-14. Drivstoffanlegget er ope heile døgnet heile jula for kortsal.
Spenninga er utløyst, og luke nr 24 er opna – attafor denne luka fann vi heile 6 gevinstar som er trekt ut på julaftan. Den første gevinsten er det faktisk Kristian Gjeldnes som har vunne, og det er ein flott trebolle som er lokalt handverk av beste slag.
Ordførar Hugo Pedersen i Surnadal kommune, ønsker alle god jul og godt nytt år, med desse orda: – Eg vil med dette ønske alle i Surnadal kommune ei god jul og eit godt nytt år.