Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3483 artiklar i dette arkivet.


Startar ny sesong – første tur til Sjøasetervatnet

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. august 2014

7. august er Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag igang igjen etter ein lang sommarferie. Den første turen går til Sjøasetervatnet, der turmålet er hytta til Torild og Tor Magne Halset. På terminlista er det 10 turar på haustprogrammet, der det er turar rundt omkring i heile kommunen.


Endelig i mål etter 38 dagar på tur

Elinor Bolme Fredag 1. august 2014

I går var siste etappe endeleg ferdig for ungdomane som har gått Norge på tvers, frå Femunden til Stadt. Søsterene Ane og Erika Kårvatn og Emil Haugen Ansnes kom kl 12.18 i «mål» etter 38 dagar på tur på Kjerringa, like ved Vestkapp. Dei har heile turen oppdatert bloggen sin, og kan der berette om topp verforhold, som har gjort turen til ei kjempeoppleving. Heile 562 kilometer unnagjort på 38 dagar.


Norway Cup dag 5; alle lokale ute

Elinor Bolme Torsdag 31. juli 2014

J16 var det siste av dei lokale laga som i går måtte gi seg i årets Norway Cup-turnering. Dei møtte Sykkylven til 1/16-finale i A-sluttspillet onsdag kveld, men måtte gi tapt med 0-4. Dei øvrige laga gjekk ut tidligere på dagen.


Åpen pub lørdag

Elinor Bolme Onsdag 30. juli 2014

Førstkommende lørdag 2. august meldes det om at Pakkhuset kro held åpent. Da blir det muligheit for forfriskende drikke i forhåpentleg fin kveldssol på terrassen. Serveringa åpnar kl 21.00.


Norway Cup, dag 1

Knut Haugen Måndag 28. juli 2014

Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen stiller med 4 lag i årets Norway Cup, med tilsammen 65 spillere fra J14, G14, J16 og G16. Den første spilledagen, søndag 27.7, startet med at G16 tapte 0-3 mot KFUM-KAM Oslo 2, før vi fortsatte med tap 1-2 for G14 mot Vind 1 og 0-2 mot Nordre Fjell/Nest Sotra. J16 klarte å snu […]


Litt avhengig, kvar einaste dag?

Elinor Bolme Sundag 27. juli 2014

Per i dag har vi litt over 120 personlege medlemmar på todalen.no som er med og bidreg til at sida er oppdatert så å seie kvar einaste dag i tillegg til lag, organisasjoner og berifter. Vi har den seinare tid som nokon kanskje har observert laga ein eigen «knapp» slik at det skal bli enda enklare å bli personleg medlem og støtte opp om sida. Den ligg til ei kvar tid til høgre for nyheitssakene som du er inne på. Eit slik medlemsskap kostar berre 100 per år og har ingen fordeler, utover at ein støttar redaksjonelt arbeid og øvrig drift av sida som for snart 5 år sidan såg dagen lys.


I fortsatt god musikalsk driv utover helga

Elinor Bolme Laurdag 26. juli 2014

Stangvikfestivalen er inne i sin tredje kveld med kulturelle innslag, no i Stangvika. I dag har det blandt anna vore barneforestilling i Bondehuset, med Rasmus Rohde og Stangvikfestivalens beste band. Etterpå vart det servert den tradisjonelle fiskesuppa som er eit absolutt must under festivalen.


Ledig kapasitet på Søyacup

Elinor Bolme Laurdag 26. juli 2014

Siste laurdag i august (23.8) er IL Søya klare med sin tradisjonelle Søyacup. Så langt er vel 45 lag påmeldt, men det er fortsatt plas til fleire skriv dei på IL Søya si Facebookside. Rekorden vart sett i fjor med nesten 60 lag, dei fleste nordmørslag, men også nokre frå trøndelag. Så langt er det berre lokale lag påmelt i følge oversikta, som er oppdatert etter kvart som laga melder seg på.


På langtur i Trollheimen

Elinor Bolme Onsdag 23. juli 2014

Koen og Milan Bienstman har i år lagt ferieturen til Norge og Trollheimen. De kom fra Mechelen i Belgia for fem dager siden, og startet sin vandring i nydelig nordmørsnatur med oppstart i områdene ved Gjevilvasshytta. Videre tok de seg til Trollheimshytta med et par overnattinger ute i det fri i medbragt telt, før de nå sitter og slapper av på Todalshytta før ferden i morgen går videre til Innerdalshytta via Bjøråskaret.


Finjustering i programmet

Elinor Bolme Onsdag 23. juli 2014

Styret i Stangvikfestivalen har beslutta at starttidspunktet for forestillinga «STEMT» i gammelfabrikken i Todalen blir kl. 19.00 torsdag den 24. juli og ikke 18.00 som tidlegare amnonsert – MEN dørene åpner kl. 18.00 og det vil da være mulig å gjenopprette bl.a. væskebalansen etter mange uker med fint vær melder styreleder Lars Inge Kvande.


Med Dorsin i oppkjøringa mot Norway Cup

Elinor Bolme Måndag 21. juli 2014

Nesten samtlege spelarar på Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen sitt G14 lag møtte i kveld opp til kveldens trening på Søyabanen. Og det var kanskje ikkje så rart, sidan Micke Dorsin kom i ens ærende ned frå hektiske omgivelser i RBK-leiren i dag for å lede gutane under kveldens fotballtrening. Avtalen var gjort på eit tidleg tidspunkt i sommar, og kvelden i kveld var einaste ledige som Dorsin hadde på det tidspunkt, sidan laget spela kamp heime mot Sogndal i går og dreg på onsdag til Irland for å spele UEFA Europa League kamp mot Sligo Rovers.


Månadens bilete: Slåttonn

Ole Petter Talgø Måndag 21. juli 2014

For juni kan vi gratulere Frode Grønmyr som vinnar av månadens bilete med «Slåttonn». Denne gongen var det regelrett knock-out, med meir enn halvparten av stemmene. Vi gratulerer og lovar at premien vil bli overlevert ved første anledning!