Frå Gjeldnesgardane
Vi er komne på runde to i Todalen Historielag sin runde rundt bygda. Denne gongen er bilda hovedsakleg fra Gjeldnesgardane og litt innover stranda.
Vi fann 3578 artiklar i dette arkivet.
Vi er komne på runde to i Todalen Historielag sin runde rundt bygda. Denne gongen er bilda hovedsakleg fra Gjeldnesgardane og litt innover stranda.
Surnadal Arbeiderparti avholder sitt Årsmøte torsdag 19. februar kl. 19.00 på Kantina, Sykehjemmet. Nye og gamle medlemmer ønskes velkommen.
Tirsdag ettermiddag hadde lensmannskontoret i Surnadal trafikkontroll ved L. Hals Eftf. Betjent Anders Magne Ormset melder i dag om at det var det litt for høg prosent som ikkje hadde med seg førerkortet når dei var ute og kjørte.
Vi har komme over til ein my månad, og det betyr første avstemning for månadens bilete i 2015. Kandidatane til månadens bilete blir plukka ut av redaksjonen blant bileta vi la ut den månaden, og deretter får lesarane våre muligheit til å stemme fram sine kandidatar i ei lita veke.
Då er stemmene talt opp, og vinnaren av årets bilete 2014 på Todalen.no vart Frode Grønmyr med biletet «Slåttonn» som vann månadens bilete i juni. Vi gratulerer, og håpar å kunne overrekkje premien på årsmøtet.
Ungdommar frå tre kommunar – Halsa, Surnadal og Rindal – vil sprudle over av kulturelt pågangsmot og skaparglede på laurdag. Dei fleste av dei femti ungdommane stiller frå scena – og vil levere årets mest varierte konsert. Og det er det som er vitsen med Ungdommens Kulturmønstring: få fram spennet i alt ungdommane driv med.
Karen Johanne Talgø melder om at biblioteket blir stengt torsdag 29.1. Men neste veke har vanleg åpningstid; 18-20.
Stabile vinterforhold gjer at sonerenna kan arrangerast på løpande band. Sist helg var det IL Søya som arrangerte, mens det førstkommande tirsdag er ØSIL som arrangerer. Her blir det fristilrenn i lysløypeanlegget i Holtamoan.
Ingvild Kårvatn og Fay Johansen var seinhaustes i Todalen og markerte den internasjonale donordagen. No har dei utvida aspektet litt, og inviterer til storstilt gratiskonsert for å opplyse om organdonasjon på Surnadal kulturhus, i morgon tirsdag. Mange i Surnadal ønsker å bidra, og i den anledning har blandt anna Torstein Snekvik, Svein Håvard Saksen, koret Vox, Inge Bævre, Toril Moe og Gøran Bolme sagt at JA, sjølvsagt blir vi med på dette!!
Då er tida kome for å stemma fram det beste bilete for 2014. No er det snart fem år siden vi starta med å stemma fram månadens bilete, og fem og eit halvt år siden vi byrja å leggja ut bilete vi får inn dagleg. Det betyr at vi no har eit arkiv på meir enn 2000 bilete.
Det meldes i kveld om at personar i bygda har motteke telefon frå ein mannsperson som hevdar at hjartestartaren i Todalen er ute av drift. Dette er er IKKJE tilfelle, dei fungerer begge to utan komplikasjoner.
Denne personen som no ringer rundt kan fortelje at det derfor er igangsett innsamlingsaksjon og giroer med minstebeløp 360 kroner vil bli utsendt.
For desember kan vi gratulere Jon Bruset som vinnar av månadens bilete med «Mot kveld». Vi gratulerer og lovar at premien blir overbragt ved første anledning. Det betyr at vi har funne alle kandidatene til årets bilete 2014, og den femte avstemninga i rekka. Følg med i helga, da starter avstemninga!