Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Drømmekonsert i sommarkvelden

Bernt I Bøe Onsdag 10. juni 2015

TrollheimsBrass og Gro Kjelleberg Solli lovar ein vakker og variert sommarkveld i Stangvik-kyrkja søndag. Blåsarane kjem frå bygdene rundt Trollheimen, kvedaren Gro opprinneleg frå Angvika.

Utanom kjenningslåta «Båhus Bataljon» spelar blåsarane både «Trondhjæmsnatt», folkelege perler frå Tyrol og Nordmøre – medrekna den sunndalske godbiten «Vaaraften under Skorgfaldet» og Fliflet Bræins «Ut mot havet». (Hør for deg Bræin-slageren klingande gjennom kyrkjedøra og utover fjorden i junikvelden!) Mykje av programmet er inspirert av liknande bandtradisjon i Østerrike.

TrhBrass Solli Gro Kjelleberg 2004

Gro Kjelleberg Solli – tradisjonsberar med norsk mesterskap i kveding.

Gro Kjelleberg Solli, dobbel norgesmester i kveding, bur no i Os i Østerdalen. Men ho fører vidare det beste i nordmørsk folketonekunst – no også med sin nye 11-strengars lyre! Ho er dessutan solist med blåseensemblet.

Leiar i TrollheimsBrass, Bjørn Stomsvik, fortel at gruppa tidlegare heitte «Sundalens StorBlæser Ensemble» og består av musikarar frå Sunndal, Surnadal, Rindal og Meldal. Dei har gjeve søndagens program det lokkande namnet «Drømmekonsert».

 

 

Publisert: 10. juni 2015, 21:15