Stem på månadens bilete for september
Med hausten i full anmarsj er vi klare for å finne vinnaren av månadens bilete for september. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag.
Vi fann 3667 artiklar i dette arkivet.
Med hausten i full anmarsj er vi klare for å finne vinnaren av månadens bilete for september. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag.
Vår aktivitetskalender er litt slunken for tida. Minner derfor om mulegheitene som medlemmene til todalen.no har til å sette inn sine aktiviteter her. Send oss ein sms eller ein epost så skal vi få det på plass. Kan også ved litt meir informasjon laga førehandsomtaler slik at de er sikre på at arrangementet får den oppmerksomheit det treng.
I dag har vi som fleire kanskje har lagt merke til hatt utfordringar med nettsida vår. Dette kjem seg av ustabilitet hos vår server som vi desverre ikkje rår med. Ei ulempe med dette er at vi ikkje har dekning heile tida, og at vi ikkje får sett opp bildegalleria vår slik som vi brukar. De må nok i alle fall på kommande sak gå inn på kvart enkelt bilde for å sjå dei, samt kommentarane da dei ikkje har «småbilder» som vanleg.
Surnadal og Rindal revmatikerforening melder om at bassengtreninga i Surnadal symjehall utgår i uke 41, ettersom symjehallen held stengt i haustferien. Frå og med uke 42 er det igjen klart for oppvarma basseng med 34 grader i vatnet og med instruktør Joanna Magdalena Hyllbakk mellom 19.30- 21. Foreninga ønsker også å orientere om den planlagte turen […]
Mange husstandar i Todalen har dei siste dagane fått brev frå Surnadal kommune vedrørande nye vegnamn. No har redaksjonen også fått tilsett ei komplett liste over dei. I følge oppsettet er det no berre Lauvåskogen, Dalavegen, Sissigrenda og nokre hytter som manglar adresse i Todalen, etter den 22. oktober.
Søndagens tur går til Leirplassen, som Halsa 4H har opparbeidet seg ved Megårdsvatnet. En flott friluftsplass for alle aldersgrupper. Her ligger “Ormebolet” som er en ny grillhytte, som 4H har satt opp på dugnad. Fra Felleskjøpet og opp til Megårdsvatnet er det en barnevennlig tur på grusveg.
I kveld hadde elevane i 10. trinn ved Surnadal ungdomsskule sin premiere på sitt storprosjekt «Milleniumsbarna». Dette er ei tradisjonell oppsetning av og med avgangsklassen ved ungdomsskulen. Eit prosjekt der ungdommane allerede på etterjulsvinteren startar med forberedelser til desse tre hektiske kveldane med forestillingar.
Hausten er sanketid, og frå Finn Ranes har vi fått ei lita sak om villsauene på Gjeldnes, som ennå har tid att på fjellbeite før dei lyt heimatt. Han og Per Åke Jakobsson trossa søndagens gråver og sender også med nokre bilder til oss.
Frå tid til annan mottek redaksjonen lesarinnlegg frå lesarar som ønskjer sine ytringar på trykk. Til no har vi berre publisert desse om dei har vore av direkte interesse for todalingane og som medlemar her på Todalen.no, til dømes under valkampen. No kjem etterspela av budsjettforhandlingane i Surnadal kommune, og fleire av dei førespegla nedskjeringar skapar engasjement. Vi er dermed opne for alle innlegg, innafor allmenn folkeskikk, og minner om at vi berre er formidlarar. Alle lesarinnlegg må skrivast under fullt namn.
Det var skikkeleg trøkk da T-Komponent opna dørene og slepte inn publikum presis kl 12 fredag føremiddag. Tydeleg at det var stor interesse for salet, der det var massevis av limtre og andre aktuelle varer over heile lokalet. Mange var ganske bevisst på kva dei var ute for å kjøpe og det kom for raude […]
21. og 22. september banker årets russ og andre bøssebærere fra Surnadal demensforening og helselag på dørene for å samle inn penger til Demensaksjonen i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen. Ta godt imot dem!
Denne vekas søndagstur er det Halsa Historielag som står for. Dette er ein lett tur. Og går til Hestnessetra i Halsa.
Distansen er 5 km ein veg frå Hestnes og med berre høgdeforskjell på 240 meter. Om ein ønskar ein kortare tur, er det muleg å kjøyre opp Hestnesdalen (hugs bompengar), og parkere på parkeringsplassen på toppen av bakkane