Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Mann av huse» for sluttsal hos T-Komponent

Jon Olav Ørsal Fredag 18. september 2015

Det var skikkeleg trøkk da T-Komponent opna dørene og slepte inn publikum presis kl 12 fredag føremiddag.  Tydeleg at det var stor interesse for salet, der det var massevis av limtre og andre aktuelle varer over heile lokalet. Mange var ganske bevisst på kva dei var ute for å kjøpe og det kom for raude «solgt»-lappar på pallane. Det tok heller ikkje mange minutta før kassakøen var eit faktum, men det tok folk med godt humør.

Det var ikkje berre limtre som fanga folks interesse, for her kunne ein gjera godkjøp både på baderomsinnreiing, hagamøblar, restevarer av vegg og takpanel, storsekkar med fyringsbrikkettar, steinheller og blomsterkassar for å nemne noko. Og utover dagen har det trafikkert bilar med tilhengarar og varebilar både oppover og nedover bygda med varer frå sluttsalet frå T-Komponent.

Sluttsalet varer i 2 dagar – fredag og laurdag. Fredag kveld er det ope til kl 20.00 og laurdag er opningstida fra 10 til 18.

Her har vi bildeglimt frå starten på sluttsalet som starta kl 12 fredag.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 18. september 2015, 16:46