Fole te folkemusikk
Folkemusikken og folkedansen er både gamal og ung på same tid. Gamle slåttar vert utforska av unge kroppar i ei ny tid. Noko vert verande gamalt, noko vert rundare, noko krassare – tradisjonar flyt vidare inn i ei ny og ukjend tid.
Torsdag 26. november kl. 19.00 vil seks folkemusikarar frå heile fylket invitere deg med på eit møte mellom fortid og framtid i ein storslagen konsert i Surnadal kulturhus. Av dei seks er to nordmøringar; Øystein Sandbukt og Kine Iselilja Gyldenskog.