Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Snart siste 52/17 søndagsturen

Elinor Bolme Torsdag 19. november 2015

Søndag 22. november fra klokken 12 går turen til Setersetra i regi av Kløvvegmarsjen. Parkering og start frå grendahuset Sagatun like ved Fv65. Frå Skei køyrer ein ca. 14 km oppover Surnadalen i retning Rindal. Her finn du forsamlingshuset Sagatun på øversida (høgre side), tett inntil vegen..

Turbeskrivelse:

Turen går etter merka sti oppover lia til Setersetra som no er ei av Kristiansund og Nordmøre Turistforening sine hytter. Setra er triveleg og fint istandsett med bl.a. nytt uthus, men ein kan framleis kjenne den gamle seterstemninga på plassen. Ein må rekne med å bruke mellom ein og to timar opp. (Turistforeninga seier 1 time frå Sagatun.) Ein må ikkje vere supersprek, og turen er eigna for store og små.

AKTIVITETER:
Agnes Dalsegg Sæter blir med som kjentmann på turen. Ho er godt kjent med vegen og husa på Setersetra.

Les meir om tidlegare søndagsturer på www.5217.no.

Først publisert: 19. november 2015, 12:41 - Sist oppdatert: 18. november 2015, 22:52