Klubbrenn på Vang
Skigruppa hos IL Søya arrangerer klubbrenn i torsdag 8.mars på Vang skiarena. Påmelding skjer ved ankomst frå 17.30—18.00, og starten går ca. kl. 18.15.
Vi fann 3667 artiklar i dette arkivet.
Skigruppa hos IL Søya arrangerer klubbrenn i torsdag 8.mars på Vang skiarena. Påmelding skjer ved ankomst frå 17.30—18.00, og starten går ca. kl. 18.15.
Surnadal kommune, kultureininga, vil gjera kjent desse tilskottsordningane for første halvår 2018:
Også todalen.no må avhelde årsmøte, og fastsett dato for dette er tirsdag 13. mars kl 19.30 i Todalen Ungdomshus.
Sidan vi no akkurat har gjort oss ferdige med februar er vi klare med ny kåring av månadens bilete. Vi som altid glade for nye bidrag. Send dei til oss på …
Det var fullt hus i Ungdomshuset da leiaren i historielaget, John Moe, ønskte vel møtt til filmkveld i Todalen ungdomshus. Det er tydeleg at folk set pris på historiske tilbakeblikk. Den nære historia er for mange minst like interessant som det som er meir fjernt.
Stikk UT!-kontakt i Surnadal, Norunn Holten, melder at no er det opna for Stikk UT! Ski oppå Tjønnmyran. Postkassen med bok og kode er på plass, og forholda er fine. Rundturen oppå Tjønnmyrå er på 1,6 km, stigninga er berre på 40 m. Turen har grøn kode, altså ein enkel familietur. Og så ligg det godt […]
Måndag 26. februar kl. 19.30 arrangerer Surnadal kommune ved viltnemnda vilt og utmarkskveld i Svorkasalen på Surnadal kulturhus.
Kyrkja i Surnadal og Rindal vil gjerne invitere til korte samlingar med enkel liturgi, sang og bønn tilknyttet fastetida. Oppstart var tysdag 20.februar, men det blir tre til dei påfølgande tirsdagane frå kl.18.00 til 18.30 på kyrkjelydshuset der ein førebur seg på påskehøgtida.
Snart er det stavgangsesong i regi av Surnadal pensjonstlag. Men før dei ventar på sesongstarten er dei invitert kvar onsdag kl 1100 til Trudvang for litt opptrening under leiing av fysioterapeut. Etterpå blir det høve til å kjøpe både kaffe og bakels!
Søndag 18.febr.kl.18.00 ,blir det konsert med Nordmøre Spelmannslag og Damekoret Credo i Ranes kyrkje. Musikken som vi får høyre ber i seg mykje «levd liv» alt frå lengsel og håp , glede og sorg .Det er slitesterke melodiar i dur og moll som har levd gjennom generasjonar.
Fleire fekk seg kanskje ei overrasking på tur it av bygda i dag etter at dei passerte Elskarberget. Der hadde nemleg ein større istapp lausna og ramla ned i vegbanen. Mesta var ute for eit par veker sidan og slo ned is både utover stranda og andre stader i kommunen, men enno kan det vere […]
Det blir årsmøte i Surnadal Heimbygdlag måndag 19. februar kl. 19.00. Møtestad er Kallastuå på Vårsøg Hotell.