Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strait-air, backflipp og skoffkak

Elinor Bolme Onsdag 14. mars 2018

I morgon torsdag 15. mars inviterer Surnadal Alpinsenter til eit lågterskeltilbud i snow-parken  sin der alle har muligheit til å delta uansett ferdigheitsnivå. Her blir det muligheit til å forsøke seg på ein luftig strait-air på den minste hoppen eller ein dobbel backflipp på den aller største hoppen.

Foreldre, besteforeldre og andre tilhøyrarar er hjarteleg velkomne som publikummarar, og det blir servert både skuffkake, saft og kaffe i botnen av bakken.

Alle foto: Surnadal Alpinsenter

Vi kjem til å både sjå og høyre meir frå Surnadal Alpinsenter framover, då dei er eit av dagens nye medlemmar her på todalen.no. Les meir om det allsidige anlegget på deira heimeside www.surnadal-alpinsenter.no

Publisert: 14. mars 2018, 22:28