Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3278 artiklar i dette arkivet.


Sommarles har passert 100.000!

Elinor Bolme Torsdag 4. august 2016

Det er ikkje berre Pokemon, Norway Cup og strandliv som tel i sommar: Dei unge les også, og dei les mykje. Svært mykje, skriv Surnadal bibliotek i ei pressemelding til oss i dag,

Surnadal folkebibliotek er med på «Sommarles»; ein kampanje som skal stimulere dei som er fødd mellom 2003 og 2009 til å lese – også i sommarferien. Det er så langt 103 surnadalingar som har meldt seg på kampanjen gjennom nettsida sommarles.no.


Ein thriller av ein fotballkamp

Elinor Bolme Torsdag 4. august 2016

Gutane på G13 fikk ein forrykande start på sin 1/16 delsfinale mot Lillestrøm no i dag. 1-0 nesten rett etter avspark av Lang Valset, og Ola Valset fortsatte med 2-0 like etter. Lillestrøm mista ikkje piffen for det, og utligna med to kjappe mål rett etterpå, før Ola Valset drog til med 3-2, og deretter 4-2 til pause.


Stem på månadens bilete for juli

Ole Petter Talgø Onsdag 3. august 2016

Sommarferien er på hell for dei fleste, og vi skal finne vinnaren for månadens bilete for juli. Vi har valgt ut eit knippe av bileta som du kan velge blant for å vera med å bestemme hvilken bilete som skal premierast denne månaden.


Kulturvandring til Søyådalen

Elinor Bolme Onsdag 3. august 2016

Søndag 7. august inviterer Stangvik Historielag til kulturvandring i Søyådalen. Ruta blir som i fjor, og guidar er forfattarane av Søyådalsboka. Dei som vil vere med på vandringa møter opp ved Eidet skule innan klokka 10. Derifrå går turen med bil inn til Gammelseterbrua, der det blir ein kort stopp med orientering.


Karin Ford stiller ut på Nordmøre for første gong

Elinor Bolme Tysdag 2. august 2016

Fra kulturavdelingen ved Surnadal kommune har vi fått ei pressemelding om storslagen kunstutstilling av trønderske Karin Ford. Utstillinga åpnar i Finstuå på Skei laurdag 6. august kl. 13.00. Utstillinga vil bli ståande til og med søndag 28. august, skriv Steinar Hasselø i ei pressemelding.


Ein aften med Frode Alnæs

Elinor Bolme Måndag 1. august 2016

Frå Bøfjorden blir vi påminna om storkonsert med Frode Alnæs den 10. september i Bøfjorden grendahus. Billettsalget er no i gang fortel Kay Edvin Sættem Nessæther i ein epost til redaksjonen:


En drøm som gikk i oppfyllelse

Elinor Bolme Laurdag 30. juli 2016

Av og til er tilfeldighetene så utrolige, at det mest fantastiske skjer. -I dag har en årelang drøm gått i oppfyllelse, smiler James Edward Bruseth fra Texas. Han og kona Toni Turner har i flere år drømt om en Norgestur, for å finne ut mer om James sine røtter som stammer her fra Todalen. For det var alt han visste; navnet på bestefar Einar Bruseth som utvandret i 1912, og at han kom fra Todalen.


Redningsaksjon på morgenkvisten

Elinor Bolme Fredag 29. juli 2016

I dag tidleg var det redningsaksjon av kommunalt materiell på Kalkstranda i Surnadal. Ei kraftig uvêrsbyge over Surnadal i går kveld gjorde at stupetårnet som til vanleg er forankra ved Kalkstranda sleit seg. Dermed vart det eit litt anna redningsoppdrag som venta beredskapsvakta og medhjelparane i dag tidleg når dei måtte få tak i flytebryggja og taue ho på plassen sin igjen.


Småviltjakta hausten 2016

Elinor Bolme Fredag 29. juli 2016

Surnadal Jeger og fiskeforening har også i år muligheit for småviltjakt på Kårvatn denne hausten. Foreningens medlemmer har prioritet, og må melde si interesse til foreninga innan 8. august.


Langt unna bunnlinja!

Elinor Bolme Torsdag 28. juli 2016

Kveldens tjuvstart på årets Stangvikfestival 2016 gjekk for fullsatt sal og vel så det på Gammelfabrikken. Og hvilken start dei starta med! Styreleiar i festivalen; Torbjørn Larsen ønska alle tilreisande velkomne og var naturleg nok mektig imponert over kor mange som hadde teke turen innover til Todalen for å oververe det anerkjente teaterstykkjet «Bunnlinja» av og med Marianne Meløy og Trygve Brøske.


Surnadal Golfpark jubilerer

Elinor Bolme Tysdag 26. juli 2016

I august 2016 er det 10 år sidan Surnadal Golfpark offisielt vart åpna, og Surnadal golfklubb har som seg hør og bør planlagt eit jubileumsarrangement for å markere dette. Som ein viktig del av dette er det lagt opp til ei jubileumsturnering laurdag 13. august, men også andre aktiviteter for hele familien på baneområdet. Til kvelds blir det dekket for middag i «maskinlageret» ved golfbanen.


Surnadal kommune er ingen versting i årlege kommunale avgifter

Elinor Bolme Måndag 25. juli 2016

Statistisk sentralbyrå (SSB) har laga ei oversikt over kor mykje den enkelte kommune i heile landet tek i kommunale avgifter for Huseiernes Landsforbund. Oversikta er basert på tall kommunane sjølv har levert inn til den kommunale databasen Kostra for 2016. Undersøkinga viser at spennet varierer mellom 6 000 og nesten 20 000 kroner. I vårt omland kjem Sunndal best ut med 10 389 i årlege avgifter. Surnadal har 12 644,- Halsa 15 078,- medan Rindal «toppar» med sine 17 914,-