Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3612 artiklar i dette arkivet.


Bollknubben i Sunndal

Elinor Bolme Onsdag 21. august 2019

Rindalingene er ivrige turgåarar med turar kvar tirsdag gjennom turgruppa i idrettslaget. Denne vekas tur gjekk til Bollknubben som ligg i grenseland mellom Todalen og Sunndal. Harald Egil Folden har sendt oss nokre ord og mange fine bilder. 


KIAS søkjer etter lærling

Elinor Bolme Onsdag 21. august 2019

Kvanne Industrier AS søkjer no etter lærling i produksjonsteknikkfaget til fabrikken sin i Surnadal. Har du rette utdanninga eller anna relevant erfaring kan du få jobb i ei spennande bedrift.


SP presenterte partiprogrammet sitt for pressa.

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2019

I helga blåste Surnadal senterparti i gang valkompen med eit stort mannskap ute for å møte veljarane både i sentrum og ute i grendene. Måndag møtte dei pressa for å presentere programmet dei har for den neste perioden i kommunestyret. Senterpartiet vil fortsette å arbeide for eit sterkt sentrum og for pulserande grender, men signaliserte heilt tydeleg at dei er klare for eit lokalt «regjeringsskifte» i den neste perioden. Dei presenterte eit program som la stor vekt på sentrumsutvikling, der også skule og beredskap er viktige brikkar. -Vi har trua, og med Margrete Svinvik som ordførarkandidat skal vi klare dette, sa Nils Håvard Øyås, som er ein av listekandidatane og har lang erfaring i lokalpolitikken.


Asfaltering av stikkrenner

Elinor Bolme Sundag 11. august 2019

Mesta orienterer om at det blir asfaltering av stikkrenner på Nordvik, mandag 12.08.19. Det vil bli manuell dirigering på stedet. Etter kvart vil Statens Vegvesen asfaltere heile strekninga frå Nordvik til Svinvika.


Ap-stand kl 14

Elinor Bolme Laurdag 10. august 2019

Surnadal Arbeidarparti melder: Treff ordførarkandidat Annett Ranes og fleire flinke folk på Ap sin stand ved Matkroken i Todalen i dag! Vi er der frå kl. 14. Velkommen!


Julikveld på Kårvatn ble månadens bilete

Mari B. Redalen Laurdag 10. august 2019

142 stemmer av 291 stemmer totalt vant Ingri Bruset månadens bilete for Juli. Vi gratulerer. Tusen takk til alle som sender oss bidrag. Nye bidrag sender du til red@todalen.no


Henning Kvitnes til Bøfjorden

Elinor Bolme Fredag 9. august 2019

Nok ein gong har Leikarvollen Scene og Bøfjorden Grendalag booka ein kjent artist for opptreden i Bøfjorden Grendahus. 27. oktober kjem Henning Kvitnes med sin nyaste turné, som denne gongen er tilpassa mindre scener og plassar som ikkje har vore besøkt av artisten tidlegare.


Nye bilder i salgsutstillinga

Elinor Bolme Fredag 9. august 2019

I kaffekroken på Matkroken er det no komme opp to nye bilder i salgsutstillinga som har hengt der ei stund. Dei nye bidraga er det Elisabeth Marie Aas som har fotografert, og motiva er frå Todalen. Terje Nordvik fortel at utstillinga blir hengande til 1. september. Etter det kjem dei gamle historiske bilda opp att på veggane.


For auge og øre

Bernt Bøe Torsdag 8. august 2019

Folkemusikaren Torgeir Leivdal og fotokunstnaren Reidar Østvik gjestar Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Levande musikk og vakre bilete står på programmet.

Reidar Østvik bur i Todalen. Han arbeider med teknikkar som gir vanlege foto nye kunstnarlege dimensjonar og viser eksempel på dette. Østvik gjesta Bøfjorden også i 2011.


Mat, motivasjon og musikk for ein 200-lapp!

Elinor Bolme Onsdag 7. august 2019

Det er fortsatt rå å få tak i billettar til laurdagens jubileumsfest i Todalen Ungdomshus. Marit Tørset og Edvard Nordvik på Matkroken har så langt solgt i underkant av 40 billettar siste veka, og har heilt klart fleire igjen. Mange ventar kanskje i lengste laget før dei kjøper, og satsar kanskje på salg ved døra trur dei to, noko som gjer det litt utfordrande for dei som planlegg matserveringa.


Inviterer til tapasaften

Elinor Bolme Onsdag 7. august 2019

I morgon torsdag 8. august inviteres det til spansk tapasaften på Pakkhuset kl 19. I år som tidlegare er det dei spanske kokkene fra  Holmatrøa som står for serveringa.

Påmelding direkte til Siri Lund eller ved ein sms på  telefon 47613150.


Oppgraderer kloakksystemet for Kvennsetøran

Jon Olav Ørsal Måndag 5. august 2019

Det har i lengre tid vore kapasitetsproblem for kloakksystemet for Kvennsetøran bustadfelt. I vår og sommar har kommunen sett i gang med oppgradering av anlegget, og har nok kosta på rundt 1,2 mill. når dei no kan slå strek for prosjektet etter kvart, fortel driftsleiar for vatn og avløp i kommunens tekniske avdeling.