Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SP presenterte partiprogrammet sitt for pressa.

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2019

I helga blåste Surnadal senterparti i gang valkompen med eit stort mannskap ute for å møte veljarane både i sentrum og ute i grendene. Måndag møtte dei pressa for å presentere programmet dei har for den neste perioden i kommunestyret. Senterpartiet vil fortsette å arbeide for eit sterkt sentrum og for pulserande grender, men signaliserte heilt tydeleg at dei er klare for eit lokalt «regjeringsskifte» i den neste perioden. Dei presenterte eit program som la stor vekt på sentrumsutvikling, der også skule og beredskap er viktige brikkar.  -Vi har trua, og med Margrete Svinvik som ordførarkandidat skal vi klare dette, sa Nils Håvard Øyås, som er ein av listekandidatane og har lang erfaring i lokalpolitikken.

Senterpartiet vi løfte næringslivet i kommunen, sjølv om vi ikkje ligg så aller verst an med netto overskudd på arbeidsplassar i kommunen. Viktig i denne sammenhengen er at kommunen er attraktiv å bu i, både i sentrum og i grendene. Derfor vi SP løfte sentrumsplana for å få eit attraktivt sentrum. Gode skular er og viktig, og det hastar med å få på plass nyskulen på Øye. Satsing på skulemat er og viktig – enten det skjer med gratis mat eller med ein eigenandel.

I grendene er det viktig å få barnetalet oppover, men det er avhengig av fleire ting. Det må være tilgang på bustader og dette må det jobbast med. I Todalen er det ingen ledige bustader, så dette må prioriterast. Her vil SP samarbeide med grendene og inntil vidare gjeld vedtaket frå 2018 om elevtal i skule og barnehage. Men situasjonen er avhengig av utviklinga i grendene.
Senterpartiet har også beredskap på programmet. Dei er opptekne av ambulansetenesta og vil kjempe for å betre kapasiteten der, mellom anna med ein slagambulanse. -Vi må ha minst like godt tilbud her i distriktet som i byane er kravet. På same måte vil vi kjempe for å behalde lensmannskontoret og behalde det frivillige brannvernet minst på dagens nivå.

Senterpartiet er klar over at økonomien i kommunen vil bli sett på prøve i den komande perioden. Men vi må først og fremst tenke på utvikling og skaping av arbeidsplassar, samtidig som vi har god kontroll på økonomien. Det blir nok mange tøffe tak, men vi meinar at vi med Margrete Svinvik i ordførarstolen kan gjera ein god jobb her.
Heile gjengen er imidlertid gira for å gjera ein god jobb for fellesskapet, sjølv om vi er spente både på valkampen og på valresultatet

Publisert: 12. august 2019, 16:01