Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppgraderer kloakksystemet for Kvennsetøran

Jon Olav Ørsal Måndag 5. august 2019

Det har i lengre tid vore kapasitetsproblem for kloakksystemet for Kvennsetøran bustadfelt. I vår og sommar har kommunen sett i gang med oppgradering av anlegget, og har nok kosta på rundt 1,2 mill. når dei no kan slå strek for prosjektet etter kvart, fortel driftsleiar for vatn og avløp i kommunens tekniske avdeling.

Gravearbeidet foregår på fjære sjø – her er det klart for å fylle att grøfta. Foto: Jon Olav Ørsal

Det som er gjort til no er at det er montert ein ny og større slamavskiljar, samt ny pumpestasjon og tilslutt rør frå pumpestasjoen og ut på marbakken. Første del av rørgata er underjordisk og vart bora under vegen og ned til steinutgarden ved sjøkanten. Derifrå blir det no gravd ned ei rør som går 450 meter utover og utom marbakken. Rørlegginga frå steinutgarden i fjæra og utover er det firmaet G. Øye som bistår, og dei stiller med flåte og dykkarar for å få gjort arbeidet på djups vatn skikkeleg. Røra som skal frakte slamvatn frå slamavskillaren, går heilt ned til -17 meter.

Her foregår gravearbeidet på den siste delen av rørtraseen opp mot steinutgarden. Foto: Jon Olav Ørsal

Når røra er på plass no og blir kopla saman med røra som går under vegen, skal alt være klart til å starte opp, så snar ein får kopla til strøm på pumpestasjonen, seier Michal Heimlund som har leia prosjektet. – Sidan arbeidet foregår i vernesona hadde gjengen besøk av Statens naturoppsyn (SNO) i dag. Dei hadde ingen kommentar til måten arbeidet vart gjennomført på. 

Bildegalleri frå arbeidet med den nye slamavskiljaren og røranlegget.  Alle foto: Surnadal kommune/Michal Heimlund

Publisert: 5. august 2019, 20:38