Novembersol i skodde på Råslettkammen
Vinnaren av månadens bilete for November ble Trine Engdal Storholt med Novembersol i skodde på Råslettkammen. Vi takkar for bidraget og alle andre bidrag som kjem inn til oss.
Vi fann 3675 artiklar i dette arkivet.
Vinnaren av månadens bilete for November ble Trine Engdal Storholt med Novembersol i skodde på Råslettkammen. Vi takkar for bidraget og alle andre bidrag som kjem inn til oss.
Onsdag 15. desember startar Stikk UT! vinter og Stikk UT! ski. Dette er første året Surnadal kommune har fotturar på vinteren, og eitt av turmåla er Toåa tursti. I Tillegg er lysløypa på Tjønnmyra med i Stikk UT! ski
I kveld kom regjeringa med nye og strengare smitteverntiltak. Som ein direkte konsekvens av dei nye smitteverntiltaka, har styret i Todalen Idrettslag, bestemt å stenge Hett & Svett. Dette er gjort i tråd med dei nye smitteverntiltaka. Styret har også bestemt at Volleyball på tysdagar, i gymsalen ved Todalen skule, blir avlyst i den perioden dei nasjonale smitteverntiltaka gjeld. Dette fordi det er vanskeleg å overhalde «ein-metersregelen».
Idrettslaget Søya er tildelt Nordmøre og Romsdal Fotballkrets sin «Fair play»-pris for 2021. på 10.000 kroner. Søya fekk også denne prisen i 2012, så det er tydeleg at klubben gjer eit godt arbeid. «Fair play»-prisen blir delt ut til ein klubb i kvar av dei 18 fotballkretsane i Norge kvart år. Vi gratulerer Idrettslaget Søya med den gjeve prisen.
I ei melding frå Kristian Ranes no i kveld, har vi fått beskjed om at annonserte «Bøy og tøy» torsdag 9. desember må avlysast. Dette er ein direkte konsekvens av koronasituasjonen og dei nye smitteverntiltaka i samband med dette.
I går kveld vart dei nye nasjonale tiltaka for å få bukt med den aukande koronasmitta presentert. Kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal kommune har, med bakgrunn i desse, sendt oss ei pressemelding. – Tiltaka samsvarar i stor grad med dei råda eg har gitt lokalt dei siste vekene. Det er trusselen bak omikronvarianten av koronaviruset som begrunnar skjerpinga av tiltaka, sier buan.
Fjord1 melder at kveldens avgang klokka 23:35 (8.12) frå Rykkjem, og avgangen frå Kvanne i morgon tidleg (9.12) klokka 05:15 blir innstilt. Grunnen til dette er kaiarbeid på fergekaia på Kvanne. Alternativ reiserute er via rute 48, Halsa – Kanestraum.
Under Sunnmøre Fotballkrets sin Fotballgalla i helga fekk Nikolai Søyset Hopland, son av Anne Søyset frå Heimstad i Hallsetgrenda, tildelt Sparebanken Møres spillerstipend. Nikolai har hatt ein enorm opptur gjennom sesongen 2021, der han resten av laget sikra opprykk til Eliteserien. Nikolai har og vore kaptein på G17-landslaget til Norge og er no flytta opp på G18-landslaget.
Søndag 12. desember klokka 19:30 inviterer «Prosjekt 17»-koret til julekonsert i Todalen kyrkje. Sigrid Vetleseter Bøe, Tor Strand og koret Prosjekt 17 er hovudaktørar under søndagens julekonsertar i Todalen og Åsskard kyrkjer. Tradisjonen «Vi syng jula inn» blir ivaretatt med kor, solo, instrument og allsong. Etter opning med Alnæs´ klassiske «Julemotett» syng Prosjekt 17 variert musikk for både damekor, mannskor og blandakor. «Stille natt» (Glade jul) blir å høre i 200 år gamle originalsatsar.
Kommuneoverlegen i Surnadal kommune, fekk i går kveld melding om to nye bekrefta smittetilfelle. Dette informerer Surnadal kommune no i føremiddag i ei pressemelding, som er underskriven av kommuneoverlege Bjørn Buan.
Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 9. desember klokka 11:00, til siste «Bøy og tøy», før jul i Meierisalen på Landbrukshuset. Det er fysioterapeut Oda som rettleier på torsdagens «Bøy og tøy». Det gjer godt med litt bøying og tøying no før jul. Dersom nokon kvier seg på den bratte troppa opp, så kan dei ta inngangen lenger vest og ta heisen opp. Derifrå er det ein grei korridor til Meierisalen.
Fredag 10. desember mellom klokka 12:00 – 17:30 er det ope gardsutsal hos Lia gard. Dette er nest siste bakeriutsal før jul, og Lia gard kan denne gongen freiste med fleire sortar julebakst.